Newcastlesjuke (ND)

Newcastlesjuke (Newcastle disease – ND) er ein svært alvorleg fjørfesjukdom der årsaka er ein infeksjon med eit paramyxovirus.

Newcastlesjuke er ein liste 1-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om ND skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Aviært paramyxovirus av serotype 1 kan vera årsak til infeksjonar hos dei fleste fugleartar, meir eller mindre alvorlege. Det finst både lite patogene (sjukdomsframkallande) og svært patogene artar av viruset.

Kor patogent eit virusisolat er for høns, kan bestemmast ved å poda forsøkskyllingar med virus. Sjukdom hos fuglar der årsaka er paramyxovirus-1, og  der viruset har ein patogenitetsindeks på 0,7 eller høgare på ein skala frå 0 til 2, blir definert som Newcastlesjuke. Dersom viruset sin patogenitet er lågare enn dette, blir sjukdommen definert som paramyxovirus-1-infeksjon.

Smitta dyr skil ut store mengder virus i avføring og via luftvegane. Infeksjonen er svært smittsam, og dyr, personar og gjenstandar som kjem i kontakt med smitta dyr kan difor spreia viruset vidare. I nokre tilfelle har viruset også vore spreidd over korte avstandar via luft. Viltlevande fuglar kan vera smitteberarar.

På 70-talet oppstod ein ny variant av paramyxovirus-1 på duer. Denne varianten blei raskt vidt utbreidd, og viruset blei truleg spreidd via brevdueflygingar, utstillingar og handel med duer.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Paramyxovirus-1 angrip luftvegane, tarmkanalen og nervesystemet. Symptoma kan variera. Virustype og dyra sin alder er viktige faktorar. Høg dødelegheit, nedsett allmenntilstand, symptom frå luftvegane, redusert eggproduksjon, diaré og nervøse symptom er vanleg ved Newcastlesjuka. Infeksjon med milde stammer av paramyxovirus-1 kan finna stad utan symptom.

Ved infeksjon med paramyxovirus-1 hos duer er dei vanlegaste symptoma sentralnervøse teikn, diaré og nedsett allmenntilstand. Tida frå dyra blir smitta til symptoma viser seg er til vanleg 5 til 6 dagar, men det kan variera frå 2 til 15 dagar.

Paramyxovirus-1 frå fugl gir ikkje sjukdom hos menneske, men personar som ved eit uhell har blitt utsette for infisert materiale i viruslaboratoriet, har i nokre tilfelle fått kortvarig augnebetennelse eller influensaliknande symptom.

Diagnostikk

Diagnostisering av ND/paramyxovirus-1 infeksjon skjer ved dyrking av virus og/eller ved hjelp av molekylærbiologiske metodar. Hos fjørfe og uvaksinerte duer kan også påvising av antistoff i blodprøver vera til hjelp ved utgreiing av sjukdommen.

Diagnosen ND blir stilt molekylærbiologisk på svaber- eller vevsprøver (PCR og sekvensering) eller etter isolering av virus.

 

Førekomst

I Noreg har ein berre hatt utbrot av ND ein gong på fjørfe, i ein flokk med konsumegghøner på Finnøy i 1997.

På verdsbasis har ND vore den mest tapsbringande alvorlege smittsame sjukdommen i fjørfeproduksjonen i lang tid. Sommaren 2004 hadde Sverige to tilfelle av ND på fjørfe og Finland eitt tilfelle på kalkun. I Danmark blei det registrert utbrot av ND i ein ikkje-vaksinert flokk med avlsdyr for slaktekylling. Vinteren 2005 oppstod det 3 tilfelle av ND hos fjørfe i Sverige, to i Østergøtland og eitt i Skåne, og i 2009 eitt tilfelle i ein flokk med slaktekyllingforeldredyr i Skåne.

I Noreg fann ein eitt tilfelle av klinisk sjukdom i dueslag i 1984, og i fleire andre dueslag fann ein antistoff mot paramyxovirus-1. I 2003 blei ND diagnostisert hos raseduer i Buskerud. Paramyxovirus-1 infeksjon blei påvist i 2012 i eit dueslag i Bergensområdet, etter at fleire unge duer var blitt sjuke og hadde stroke med. I 2022 blei paramyxovirus-1 påvist blant byduer i Oslo. Årleg skjer fleire utbrot av paramyxovirus-1 infeksjon hos duer i Europa.

Tiltak

ND er ein liste 1-sjukdom. Andre paramyxovirus-1 infeksjonar enn ND hos duer er liste 2-sjukdommar. Kampen mot begge sjukdomsformene er regulert i lover og forskrifter.

Vaksinasjon vernar mot sjukdommen. I Noreg er det påbode å vaksinera duer som skal delta i utstillingar, tevlingar og treningsflyging.

Det er forbode å vaksinera andre fugleartar mot ND/paramyxovirus-1 i Noreg. Danmark starta, som det første landet i Norden, vaksinasjon mot ND i kommersielle fjørfeflokkar og hobbyflokkar i 2005.