Munnskurv hjå moskus

Munnskurv er ein smittsam virussjukdom som er vanleg hjå småfe, men som også rammar andre drøvtyggjarar mellom anna moskus. Sjukdommen ytrar seg med vorteliknande utvekstar med sår og skorper rundt munn og naseog i enkelte høve også nedst på føtene. Det er oftast ungdyr som vert sjuke.

Munnskurv hjå moskus på Dovrefjell har vi sett som enkelttilfelle, men det har vore tre større utbrot høvesvis på ettersommaren/hausten i 2004 og vintrane 2012 og 2016. Det vart også påvist ein del kalvar med munnskurv vinteren 2018. Fleire kalvar har bukka under av sjukdommen og det har vore nødvendig å avliva sjuke, hardt angripne dyr.

Munnskurv hos småfe er en C-sykdom (men ikkje hjå moskus), du kan lese meir om sjukdommen hjå småfe her

Smittestoff og smittevegar

Viruset, innan slekta Parapoxvirus, er motstandsdyktig og kan overleva lenge i miljøet. Munnskurv-viruset som rammar moskus liknar dei ein finn hjå sau, geit og rein i Noreg. Årsaken til at eit utbrot oppstår er truleg samansett. Faktorar som vêrtilhøve, bestandstettleik, dyra sin immunstatus og generelle helsetilstand spelar truleg inn.

Ising av beita, skare og sterkt korna snø kan årsaka småsår rundt munnen, som er ein inngangsport for virus. Skilnad i motstandskraft kan vera ei forklaringa på at nokre dyr i ein flokk blir sjuke, mens andre ikkje har synlege teikn på sjukdommen. Kunnskap om munnskurv hjå småfe tyder på at immunitet mot sjukdommen ikkje varer lengre enn eit par år.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Sjukdommen ytrar seg med vorteliknande utvekstar med sår og skorper rundt munn og nase, og det er oftast ungdyr som vert sjuke. Tidlegare munnskurvutbrot hjå moskus har vist at kalvane vert hardast ramma og at dei ofte får utvekstar på ein eller fleire føter i tillegg til munnen og nasebora og i enkelte høve rundt augo. Utvekstane har ofte sår, er betente og infiserte med bakteriar. Vaksne dyr har oftast mildare sjukdom avgrensa til munn og nase.

Munnskurv er truleg smertefullt og dyr som er hardt angripne kan ha vanskar med å eta. Det vil kunna påverka næringsinntaket og dyra vert svekka. Individ som har utvekstar på føtene, kan bli halte. Dersom det oppstår bakterieinfeksjon i utvekstane kan bakteriane spreia seg til andre deler av kroppen og i verste fall gi blodforgifting.  Det er fleire døme på at moskuskalvar som er så sjuke at dei ikkje klarar å følgja flokken, blir etterlaten av mora.

Diagnosen munnskurv stillast ved Veterinærinstituttet på bakgrunn av karakteristiske endringar i huda.

Munnskurv hjå mennesker
Sjukdommen kan smitta menneske (sår på hendene) og dersom du finn daude dyr med tydelege teikn på munnskurv, bør du ikkje ta på dei, men melda frå til Statens naturoppsyn.

Førekomst

Munnskurv er observert hjå moskus på Dovrefjell.

Tiltak

Dei hardast ramma dyra bør avlivast for å gjera slutt på lidinga og hindra at dei spreier smitte til andre dyr. Det kan vera ei vanskeleg avgjerd å ta. Dersom sjukdomsendringane er moderate og ikkje bakterieinfiserte, så skal utvekstane i teorien falla av og helast i løpet av nokre veker. Å vurdera kven av individa som vil klara seg og kven som bukkar under, er ofte svært vanskelig.

Les meir om munnskurv hjå moskus

A severe outbreak of contagious ecthyma (orf) in a free-ranging musk ox (Ovibos moschatus) population in Norway.
Vikøren T, Lillehaug A, Åkerstedt J, Bretten T, Haugum M, Tryland M.
Veterinary Microbiology, Volume 127, Issues 1–2, 5 February 2008, Pages 10-20 2015