Munnskurv hos småfe

Munnskurv er ein smittsam virussjukdom som først og fremst råkar sau og geit.

Sjukdommen kan og smitte frå småfe til en andre drøvtyggarar, inkludert moskus og rein. Den viser seg ved karakteristiske sår og skorper rundt munn og nase. Det er helst unge dyr som blir angripne. Viruset kan også vera årsak til sjukdom hos menneske.

Munnskurv hos småfe er ein C-sjukdom.

Smittestoff og smittevegar

Munnskurv (orf, ectyma contagiosa) skuldast orf-virus som høyrer til i slekta parapoxvirus.

Blemmer og sårskorper frå angripne område inneheld store mengder virus. Smitten blir spreidd ved direkte kontakt mellom dyr, og indirekte via innreiing, fôrings- og drikkekar. Truleg kan bruk av saltslikkestein innebera ein risiko for å overføra viruset.

Dyra utviklar immunitet mot viruset, men denne varer berre i ein avgrensa periode. Dyr som har gått gjennom sjukdommen kan bli infiserte på nytt etter eit par år. Dyr kan også bli kronisk infiserte, og viruset kan overleva lenge i miljøet. Viruset er spesielt motstandsdyktig mot uttørking. Alt dette gjer at det er vanskeleg å bekjempa sjukdommen.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Ved utbrot av sjukdommen i ein buskap kan ein stor del av lamma og kjea bli sjuke. Symptoma er skadar rundt munn og nase. Desse viser seg først som raude område. Her dannar det seg blærer som det etter kvart går hol på, og det dannar seg skorper og vorteliknande prosessar som kan vera utbreidde. Desse prosessane kan gå inn i munnhola. Ein kan også sjå liknande skadar på beina, og dersom sjuke lam og kje syg mjølk, kan mora få slike prosessar på jur og spenar.

Sjølv om mange dyr i ein flokk blir sjuke, er dødelegheita til vanleg lita. Men lamma/kjea kan bli svekka fordi dei har vanskar med å få i seg mjølk. Dei kan også få sekundære bakterieinfeksjonar i prosessane. Hos mordyret kan sår og skorper vera inngangsport for jurbetennelse.

Munnskurv er blitt beskrive på moskus alt på 1970-talet på dyr som blei haldne i fangenskap i Bardu i Troms. I 2004 var det eit utbrot i moskusstamma på Dovre med betydeleg dødelegheit hos kalvane. Ein har også sett utbrot hos tamrein i Nord-Noreg kopla til samling av dyr i samband med krisefôring om vinteren. Symptoma hos moskus og rein er stort sett som hos småfe, og småfe er truleg smittekjelda.

Diagnostikk
Sjukdommen viser typiske endringar, og ein diagnose kan stillast på dette grunnlaget. Ved hjelp av elektronmikroskopi kan viruspartiklar påvisast. Ein kan også dyrka virus i cellekultur eller påvisa det ved hjelp av PCR. Ved Veterinærinstituttet blir munnskurvdiagnosen til vanleg stilt gjennom påvising av typiske makroskopiske og vevsmikroskopiske (histologiske) funn. Diagnosen kan sikrast gjennom påvising av orf-viruset ved hjelp av PCR.

Smitte til menneske
Smitte med munnskurv til menneske er relativt vanleg og råkar til vanleg dyreeigarar som handterer sjuke småfe. Også veterinærar kan vera utsette. Som hos dyr startar sjukdommen med endringar i huda, med eit raudt område der det blir danna ein knute eller ei blemme. I neste omgang dannar det seg eit sår eller, i sjeldne tilfelle, ein vorteliknande prosess. Fingrar og hender er mest utsette. I nokre tilfelle oppstår det feber og hovne lymfeknutar. Dersom infeksjonen råkar auge, kan dette bli alvorleg skadd.

Dersom ein har mistanke om at ein er smitta av munnskurv, bør ein gå til lege. Men etter ei tid heilar lesjonen seg utan arrdanning. Kadaver og sjuke dyr med symptom på munnskurv skal handterast med bruk av hanskar.

Førekomst

Munnskurv er utbreidd over heile verda, og sjukdommen er velkjent hos småfe her i landet. Ein har også sett utbrot hos moskus og rein.

Tiltak

Munnskurv hos småfe er ein C-sjukdom. Sår og skorper hos angripne dyr kan behandlast med desinfiserande og uttørkande stoff. Antibiotika kan brukast lokalt eller systematisk ved bakterielle sekundærinfeksjonar i lesjonane, eller ved jurbetennelse.

Kampen mot sjukdommen er vanskeleg fordi viruset toler godt uttørking, og fordi mange dyr kan bli kroniske smitteberarar med dårleg immunitetsutvikling. Ingen kommersielle vaksiner er tilgjengelege her i Noreg. Vaksinasjon med autovaksiner er til ei viss grad nytta her i landet. Dette blir gjort ved å infisera dyra med virus. Ein lagar då ei rift i huda i eit område der det ikkje gir problem å få skorper, til dømes øvst på innsida av frambeinet, og påfører virus/skorpemateriale. Immuniteten etter vaksinasjon kan vara i eit par år. Metoden er ikkje utan risiko fordi ein då kan overføra andre smittestoff. Difor skal skorpemateriale berre brukast på den garden det kjem frå.

Aktuelle dyr

Aktuelle fagområder