Lumpy skin disease

Lumpy skin disease er ein akutt virussjukdom hos storfe som er kjenneteikna av feber og karakteristiske faste hudknutar. Sjukdomen er ikkje ein zoonose. Lumpy skin disease er ein liste 1-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om sjukdomen skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Lumpy skin disease er aldri blitt påvist i Skandinavia. Foto: Shutterstock
Lumpy skin disease er aldri blitt påvist i Skandinavia. Foto: Shutterstock

Smittestoff og smittevegar

Sjukdomen skuldast lumpy skin disease-virus, eit poxvirus i slekta Capripoxvirus, som er nært i slekt med saue- og geitekoppevirus. Sjukdomen blir hovudsakleg overført med blodsugande insekt som bitande fluger, mygg og flått. Direkte smitte mellom dyr kan også førekomme, men spelar ei mindre rolle.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Storfe i alle aldrar kan bli sjuke, men unge dyr blir ofte hardast ramma. Det kliniske biletet varierer frå dødsfall til milde tilfelle med enkelte hudknutar utan andre kliniske teikn. Typisk utviklar dyra feber, og innan 48 timar etter dette utviklar det seg karakteristiske, faste og smertefulle, runde hudknutar. Hudknutane kan vere frå nokre få til fleire hundre og kan kome over heile kroppen, men er særleg vanlege på hovud, hals, jur, skrotum, vulva og perineum. Dyra kan bli allment påverka, få nedsett matlyst og redusert mjølkeproduksjon, og det kan utviklast ødem på buken, beina og i dogglappen. Auge- og naseflod og auka spyttsekresjon kan førekomme. Hudknutane kan bli sekundært infiserte og utvikle omfattande pussdanning. Knutane kan gå tilbake eller utvikle nekrose som losnar og etterlet sår som lit slutt lækjer med arrdanning.

Diagnostikk

Den raskaste måten å stadfesta diagnosen på er å påvisa virusgenom med PCR, fortrinnsvis i materiale frå karakteristiske hudknutar. PCR kan også utførast på blodprøver, særleg tidleg i infeksjonsforløpet. Virusisolasjon kan nyttast som supplerande diagnostisk metode.

Serologiske testar kan påvisa antistoff mot capripoxvirus, men kan ikkje skilje antistoff mot lumpy skin disease frå antistoff mot virus som gir saue- og geitekopper. Serologi er derfor ikkje eigna  til å stadfesta ein klinisk mistanke, men kan nyttast til overvaking. 


Førekomst

Lumpy skin disease er endemisk i stor delar av Afrika, og har sidan 2000 spreidd seg til Midtausten, Balkan, Asia og Europa. Sjukdomen blei påvist i Europa i 2015 og spreidde seg raskt i Søraust-Europa. I 2025 blei dei første tilfella påviste i Italia og Frankrike, og sjukdomen blei også rapportert i Spania. Sjukdomen er ikkje påvist i Skandinavia.

Overvåking

Det finst ikkje noko nasjonalt overvakings- og kontrollprogram for lumpy skin disease i regi av Mattilsynet og Veterinærinstituttet.

Tiltak

Lumpy skin disease er alvorleg smittsam sjukdom på liste 1. Ved mistanke om sjukdomen skal Mattilsynet straks varslast. Før sjukdomen er avklart skal det setjast i verk strakstiltak for å hindre smittespreiing:

  • Dyr som er mistenkte for å vere smitta, skal isolerast
  • Husdyrgjødsel, strø og andre produkt eller materiale som kan vere smitteførande, skal haldast isolert og så langt det er praktisk mogleg vernast mot insekt, gnagarar og andre dyr
  • Det skal setjast i verk nødvendige smitteverntiltak.
  • Flytting av storfe til og frå dyrehaldet skal stansast
  • Unødvendig flytting av andre dyr, produkt, materiale, personar og transportmiddel til og frå dyrehaldet skal unngåast

Kontaktpersoner:

Lise Marie Ånestad

Lise Marie Ånestad

Fagansvarlig storfe
Siv Meling

Siv Meling

Fagansvar biosikkerhet og forebyggende helsearbeid hos produksjonsdyr
Alle ansatte