Kalvediaré

Årsaka til eit kalvediaréproblem er ofte kompleks og må vurderast ut frå både infeksiøse og ikkje-infeksiøse årsaksfaktorar.

Ku og kalv. Foto: Julie Føske Johnsen

Ved kalvediaré spelar enteropatogen ein avgjerande rolle, men årsaka til eit diaréproblem er ofte kompleks og må vurderast ut frå både infeksiøse og ikkje-infeksiøse faktorar. I besetningar med problem bør ein arbeide parallelt med å styrkje immuniteten til kalven og redusere smittepresset gjennom smitteførebyggjande tiltak.

Vanleg sjukdom hos kalv

I dei fleste land er diaré (neonatal enteritt) den vanlegaste sjukdomen hos kalv. Smittevegen er fekal-oral. I Noreg utgjer diaré og luftvegssjukdommar rundt 75 % av alle rapporterte kalvesjukdommar i mjølkebesetningar. Hovudtyngda av diarétilfella opptrer før kalven er fire veker gammal. Norske undersøkingar har vist at innkjøp av kalvar aukar risikoen for seinare diaré i buskapen og at kalvar med diaré har større risiko for seinare luftvegssjukdommar. I besetningar med store diaréproblem er smittepresset ofte høgt, og det er ikkje uvanleg å finne fleire enteropatogen i same prøven. Saminfeksjonar forverrar ofte det kliniske biletet. Undersøkingar i Noreg og andre europeiske land har vist at rotavirus og kryptosporidiar er dei vanlegaste enteropatogena som blir påvist i diaréprøver frå kalv.

Laboratoriediagnostikk ved mage- og tarmlidingar

Prøvetaking og obduksjon

Ved mistanke om Liste 1- eller 2-sjukdom skal alltid Mattilsynet kontaktast umiddelbart og før eventuell prøvetaking.

Kontaktperson: