Furunkulose

Furunkulose (infeksjon med Aeromonas salmonicida subspecies salmonicida) er ein smittsam sjukdom som kan føra til store tap hjå laksefisk både i ferskvatn og i sjøvatn. Bakterien kan òg i mindre grad infisera og gje sjukdom hos enkelte marine fiskeartar, til dømes rognkjeks og piggvar.

Furunkulose er listeført i Noreg (kategori F), og førekomst av eller mistanke om furunkulose forårsaka av A. salmonicida subsp. salmonicida skal straks meldast til Mattilsynet. Infeksjonar med andre A. salmonicida underartar er ikkje meldepliktige.

Smittestoff og smittevegar

Aeromonas salmonicida høyrer til bakteriefamilien Aeromonadaceae. Fem underartar er beskrivne; salmonicidaachromogenesmasoucidapectinolytica og smithia. Forsking utført ved Veterinærinstituttet har identifisert minst 23 ulike genetiske hovudvariantar av bakterien, som i dei fleste tilfelle viser ein forholdsvis høg grad av vertsspesifisitet overfor ulike fiskeartar. A. salmonicida subsp. salmonicida blir gjerne kalla «typisk» eller «klassisk» A. salmonicida medan alle dei andre variantane går under samlenemninga  «atypisk» A. salmonicida. Sjukdomane vert derfor omtalte høvesvis som «klassisk furunkulose» og «atypisk furunkulose». 

Både A. salmonicida subsp. salmonicida og atypiske variantar er urørlege stavbakteriar med avrunda endar. A. salmonicida subsp. salmonicida produserer rikeleg av eit brunt vassløyseleg pigment ved dyrking på medium som inneheld tyrosin og/eller fenylanin. Bakterien veks best mellom 20-25oC. Atypiske variantar veks gjerne litt saktare og med mindre koloniar og produserer vanlegvis mindre mengd eller ikkje noko pigment. Nokre få ikkje-pigmentproduserande A. salmonicida subsp. salmonicida er registrerte.

Viktigaste smittevegen er frå fisk til fisk. I Noreg er det laks, brunaure (inkl. sjøaure) og røye som er mest utsetja for infeksjonen. Utbrot av furunkulose i Noreg har i hovudsak vore knytt til oppdrett i sjø og til setjefiskanlegg som har nytta sjøvatn i produksjonen, men det er òg registrert utbrot innanlands, i reint ferskvatn, utan at sjøvatn har vore til stades som ei mogleg smittekjelde. Regnbogeaure vert rekna som meir motstandsdyktig mot furunkulose, og sjukdomen er ikkje påvist i oppdretta regnbogeaure i Noreg i seinare år, men furunkulose er eit betydeleg problem i regnbogeaureoppdrett i andre land, blant anna Danmark. Laksefisk kan òg vere subklinisk infiserte med A. salmonicida subsp. salmonicida, dvs. at dei ikkje  viser teikn til sjukdom. Slike ‘skjulte' infeksjonar kan vere vanskelege å påvisa og sjukdomen kan utviklast etter ei tid, gjerne etter stressande handteringar, transport, sortering, osb.

Sjukdomsteikn

Furunkulose finst i perakutt, akutt/subakutt og kronisk form. Latente infeksjonar finst. Ved utbrot i setjefiskanlegg får fisken ofte mørk farge, svært høg pustafrekvens og moderat eksoptalmus (utståande auge), og kan døy raskt utan andre ytre teikn. Dei vanlegaste symptoma hos større fisk er små eller større blodige byllar (‘furunklar') i muskulaturen og sår i huda. Ved obduksjon kan ein sjå punktblødingar på bukhinne og innvolar, væske i bukhola (ascites) og svullen og mørk milt. Vanlege histologiske endringar er mikrokoloniar av bakteriar i gjeller og indre organ og celledød omkring slike bakteriesamlingar.

Diagnostikk
Diagnosen blir stilt ved hjelp av dyrking og identifikasjon av bakterien. Kliniske og histopatologiske funn støttar sjukdomsdiagnosen.   

 

Førekomst

Nokre få tilfelle vart påviste i 1960-åra, det siste i 1969, etter import av regnbogeaure frå Danmark. Deretter vart sjukdomen reintrodusert i Noreg i 1985 med latent infisert laksesmolt frå Skottland.

Frå slutten av 1980-åra og fram til 1992 var det hyppige sjukdomsutbrot i oppdrettsanlegg langs kysten av Sør- og Midt-Noreg og nordover til Troms, der låge vasstemperaturar truleg avgrensa den vidare spreiinga nordover.

Sjukdomen vart òg spreidd til ei rekkje norske elvar, der utbrot av furunkulose kan råka vill laksefisk om sommaren, særleg ved stressande miljøforhold som høg vasstemperatur og låg vassføring. Infeksjonen blir framleis rekna som endemisk i villaks i nokre område. 

Sjukdomen førekjem oftast om sommaren og hausten når vasstemperaturen er høgast.  

Gjennomføring av smittehygieniske tiltak og vaksinasjonsprogram tidleg på 1990-talet har gjort at sjukdomen stort sett forsvann og i dag blir berre få utbrot registrerte.

Bakterien kan ikkje gje sjukdom hos menneske, fordi han vil døy ved kroppstemperaturen vår.

Tiltak

Furunkulose er i Noreg under kontroll på grunn av vaksinasjon. Utbrot er likevel registrert hjå uvaksinert setjefisk.

Mattilsynet kan gjere vedtak om ulike smitteførebyggande tiltak etter Forskrift om smittsame sjukdommar, akvatiske dyr.