Dirofilaria repens - underhudsfilariose
Parasitten Dirofilaria repens er årsak til ein hudinfeksjon.
Parasitten smitter ikkje frå dyr til dyr, men blir overført med vektor (mygg). På grunn av det kjølige klimaet her i landet kan parasitten ikkje smitte mellom dyr i Noreg, bortsett frå nokre varme sommarveker i Sør-Noreg.
Smittestoff og smittevegar
Parasitten Dirofilaria repens har hundedyr som hovudvertar, men kattar kan også bere med seg parasitten. Parasitten blir overført med mygg (Aedes, Culex, Anopheles og Mansonia-artar). I sjeldne tilfelle kan også andre artar, inkludert menneske, bli smitta.
Smitteberande mygg deponerer parasittlarvar i hudvevet til hovudverten. I underhuden til hovudverten utvikler parasittlarvane seg til vaksne parasittar. Etter parring produserer vaksne hokjønna ormar nye parasittlarvar (mikrofilariar) som etter ei stund sirkulerer i blodet til hovudverten. Vaksne parasittar kan leva i underhuden og produsera mikrofilariar i 5-10 år.
Dersom mikrofilariar blir tekne opp av blodsugande mygg, kan mikrofilariane utvikla neste stadie av parasitten slik at smitten bli overført til neste hovudvert. Det tar frå seks til åtte månader frå ein hovudvert er smitta til mikrofilariar kan påvisast i blodet.
Me har ikkje kunnskap om førekomst, prevalens og sesongmessig aktivitet for moglege vektorar for D. repens i Norge. For at D. repens skal kunne bli overførbar, må i tillegg bestemte krav til temperatur–dagar vere oppfylt.
Menneske kan bli infiserte gjennom myggstikk, men er såkalla blindvertar (dead-end hosts). Det betyr at parasitten ikkje klarer å fullføre livssyklusen i mennesket, og mikrofilarier sirkulerer i liten grad eller ikkje i det heile i blod hos menneske.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Symptom hos hund skuldast vaksne parasittar i underhuda. Mange hundar viser ikkje symptom på at dei er berarar av parasitten, medan andre får knutar i underhuden, hudinfeksjonar, kløe og håravfall. Kattar kan og bere med seg parasitten, men viser sjeldan symptom på dette.
D. repens kan og infisere menneske, men dette er sjeldan. Hos menneske kan parasitten forårsake knutar i huden og eventuelt andre organ. Les meir om filariasis hos FHI.
Diagnostikk
D. repens kan diagnostiserast ved direkte påvising av mikrofilariar i blodet, eller serologisk ved påvising av antistoff mot parasitten. Dette kan gjerast på EDTA-blod, serum eller plasma. Antistofftest blir rekna for å vera ein meir påliteleg metode enn påvising av mikrofilariar. Det er vist at mikrofilariar ikkje kan påvisast hos 30 – 50 % av infiserte hundar sjølv om dei har persisterande vaksne ormar. Sidan det vil ta over 6 månader før vaksne ormar er utvikla, vil desse diagnostiske testane først vera aktuelle tidlegast 6 månader etter at hunden har vore eksponert for smitteberande mygg.
Førekomst
D. repens blir rekna som endemisk i Middelhavsområdet. Utbreiingsområdet for parasitten ser ut til å vere i vekst, og smitte er dokumentert så langt nord som i Finland og austover i Russland. Parasitten finst òg i Asia og Afrika. Førekomst av parasitten er sannsynlegvis underrapportert.
Skilnader i utbreiing heng saman med faktorar som førekomst av dei aktuelle myggartane, klima (utvikling av mikrofilariane i myggen er mellom anna avhengig av temperaturen), førekomst av villhundar/laushundar og førebyggjande parasittbehandling hos hundar.
Tiltak
Ved innførsel av dyr frå område der denne parasitten er utbreidd, bør dyret vera undersøkt for og testa negativt for D. repens. Det er også tilrådd at hunden blir undersøkt på nytt tidlegast 7 månader etter innførsel for å sikra seg at den ikkje var nysmitta ved innførsel. Dersom testen er positiv, må hunden behandlast.
Dersom ein skal ha med seg hund eller katt til område der D. repens er utbreidd, blir det tilrådd å behandla dyret førebyggjande mot insektbit. Ein kan òg førebyggja myggstikk ved å halda hunden innandørs i periodar av døgnet då myggen er mest aktiv, særleg ved soloppgang og solnedgang.