Apekoppar

Apekoppar er ein sjeldan virussjukdom som først vart oppdaga hos aper på femtitalet. Viruset blir anteke å kunna smitta mange ulike pattedyr, spesielt gnagarar og aper. Gnagarar i ekornfamilien sjå ut til å vera spesielt mottakelege. Sjukdommen er ein zoonose som kan smitta mellom dyr og menneske, men viruset kan også smitta direkte mellom menneske. Me har ikkje apekoppar hos dyr i Noreg.

Apekoppar hos dyr er meldepliktig i Noreg (liste 2). Mistanke om eller påvising av apekoppar hos dyr skal meldast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Apekoppar blir forårsaka av apekoppavirus (MPXV). Dette viruset er eit orthopoxvirus, nærståande med andre koppavirus. Døme på dette er variolaviruset som gir koppar hos menneske, men er utrydda og kukoppeviruset (CPXV), som me ikkje har i Noreg. Apekoppaviruset blir anteke å kunna smitta mange ulike pattedyr, spesielt gnagarar og aper. Gnagarar i ekornfamilien sjå ut til å vera spesielt mottakelege.

Viruset smittar i hovudsak mellom dyr ved direkte kontakt eller ved dropesmitte. Viruset kan smitta frå dyr til menneske ved direkte kontakt. Det kan også smitta mellom menneske. Det er ei teoretisk moglegheit for smitte frå menneske tilbake til dyr, men det er hittil ikkje beskrive. Risikoen for at smitten kan etablera seg hos tamme eller ville dyr i Noreg reknast for å vera låg, men ved smitteutbrot hos menneske bør smittevernet inkludera vern av dyr.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Symptom på apekoppar varierer mellom dyreartar. Hos aper og præriehundar (ein amerikansk gnagarart i ekornfamilien) gir apekoppar feber, hoste, hudutslett, augebetennelse (konjunktivitt), og respirasjonssymptom.

For meir informasjon om sjukdom hos menneske blir det vist til Folkehelseinstituttet. Diagnosen blir først og fremst stilt ved PCR.

Det finst også serologiske metodar for å påvisa antistoff mot viruset. Veterinærinstituttet gjer ikkje diagnostikk for apekoppar, og vil senda prøver til utanlandsk laboratorium om det skulle bli aktuelt.    

Førekomst

Apekoppar blir først og fremst påviste i Vest- og Sentral-Afrika. Det er lite kunnskap om utbreiinga til viruset hos ulike ville dyr, men sjukdomstilfelle hos menneske blir først og fremst rapportert i Vest og Sentralafrikanske land, spesielt i Den Demokratiske Republikk Kongo. Smitten er også påvist hos menneske utanfor Afrika, då spesielt i samband med reise. Det har også vore utbrot av apekoppar hos præriehundar i USA i samband med import av gnagarar frå Afrika. I dette utbrotet spreidde viruset seg mellom ulike gnagarar selt som kjæledyr. Det vart også påviste smittetilfelle hos menneske.  

Tiltak

Det er strenge importrestriksjonar av dyr til Noreg. Dette er for å hindra introduksjon av nye dyresjukdommar. Eventuell påvising av apekoppar hos dyr i Noreg vil handterast av Mattilsynet for å hindra smittespreiing.

Forskningsprosjekter