Dei fire prosjekta instituttet skal leie har alle ei éi helse-tilnærming der helse til dyr eller fisk, menneske og miljø blir sett i samanheng. Prosjekta fordelar seg på å ha fokus på grisehelse, fiskevirus, dyrevelferd og rabies i eit slikt perspektiv. I tillegg er instituttet med på forsking innan helse og velferd for oppdrettsfisk og reinsdyr leia av andre faginstitusjonar.
–Desse prosjekta er alle gode vitnesbyrd på kor viktig og relevant Veterinærinstituttet sitt samfunnsoppdrag er så vel i Noreg og som utanlands. Forskingsrådsfinansiering kjem etter hard konkurranse om å få kome gjennom eit smalt nålauge, kommenterer Carlos das Neves som er direktør for forsking og internasjonalisering ved Veterinærinstituttet.
–At vi lukkast stadfestar at Veterinærinstituttet er blant fagmiljøa som er sterkt konkurransedyktige sjølv blant dei tunge universitetsforskingsmiljøa. Samstundes viser den høge avslagsrata at det er mange gode idéar og konsept frå heile landet som tross fordelane desse prosjekta kunne ha gitt gjennom ny kunnskap, er det ganske enkelt ikkje rom til å finansiere alle, seier han.
Noregs forskingsråd har no publisert evalueringsresultata for vitskaplege prosjektsøknader frå søknadsrunden i 2021. Veterinærinstituttet har deltatt i koordineringa av til saman 19 søknader til utlysingane innan vitskapleg fornying, unge talent, internasjonal mobilitet, store tverrfaglege prosjekt og samarbeidsprosjekt for å møte utfordringar i samfunns- og næringsliv. I tillegg er instituttet partnar i 12 tilleggssøknader frå andre norske institusjonar.
–Det er alltid leit at det ikkje er finansiering til gode prosjektsøknader som kan bistå næringane og forvaltninga med å løyse reelle kunnskapsbehov dei opplever. Det er mange innovative idéar frå kollegaer ved Veterinærinstituttet som no ikkje blir finansiert i år. Suksesshistoriane som dei no finansierte prosjekta innan virus på oppdrettsfisk, dyrevelferd, svinehelse og rabies syner – alle med eit Éin helse-perspektiv – er resultat av eit enormt engasjement frå mange av våre forskarar. Dei har stått på for byggje bru over disiplinar og institusjonar for å setje saman solide og fagleg dyktige nasjonale og internasjonale team. Dei fortener det høgaste godkjenningsstemplet frå Forskingsrådet, seier Carlos das Neves, som legg til:
–Vidare er instituttet partnar i tre prosjekt som får finansiering for å utvikle ny kunnskap innan helse o velferd for reinsdyr, og innan fiskevelferd og fiskevirologi leia av søsterinstitusjonar. Desse prosjekta viser òg relevansen av arbeidet vi gjør i Veterinærinstituttet og at kompetansen til forskarane og nettverka deira er ettertrakta i samfunnet.
Samla sett var det meir enn 2800 prosjekter som kom inn til Forskingsrådet denne gang med eit samla budsjettbehov på over 28 milliardar kroner. Forskingsrådet har no finansiert til saman 336 prosjekter med eit budsjett samla på 3,7 milliarder kroner. Det gir ei samla suksessrate på ca. 13,3 prosent (varierande innan kvart tema).
Veterinærinstituttet sendte inn eller deltok i 41 ulike framlegg til forskningsprosjekt med budsjettbehov på til saman 236,5 millionar kroner. Tildelinga no sikrar finansiering for 42,5 millionar kroner som vil tilseie omlag 18 prosent.