Vekt på å førebyggje og forutseie

I framlegget til Statsbudsjett for 2022 er Landbruks- og matdepartementet tydelege i si støtte til den strategiske prioriteringa Veterinærinstituttet gjer innan si kunnskapsutvikling. I tråd med den nye dyrehelselova i EU er det å kunne forutseie og førebyggje mot sjukdom prioritert.

Landbruks- og matdepartementet kunngjorde 12. oktober at dei gjer framlegg om ei løyving for 2022 på 104,8 mill. kroner til Veterinærinstituttet: Det er om lag som i 2021, justert for prisstigning.

–Gledeleg støtte

–Det er gledeleg at departementet so klart og tydeleg støtter opp om ei prioritering av kunnskapsutviklinga som Veterinærinstituttet no gjer i å forsterke å kunne forutseie og førebygge mot moglege sjukdomsutbrot. God dyrehelse og dyrevelferd er heilt essensielt å oppretthalde over heile landet skal vi lukkast med å nå berekraftsmåla til FN, seier Merete Hofshagen, avdelingsdirektør for dyrehelse, dyrevelferd og trygg mat i Veterinærinstituttet.

I budsjettframlegget skriv departementet at «Instituttet sitt viktigaste bidrag her er forskingsbasert kunnskapsstøtte for betre å ta hand om helse og velferd i samband med berekraftig produksjon og uttak av biomasse på land og i havet». Vidare legg dei til at: «Veterinærinstituttet flytta i 2021 inn i nytt veterinærbygg på Campus Ås. Instituttet skal forvalte, drifte og stå som eigar av sin del av bygget på vegne av staten.»

Ein kunnskapsbasert nasjonal beredskap

–Slik stør styresmaktene i dette framlegget godt opp om kor viktig det er å jobbe risikobasert i vår rolle som den viktigaste kunnskapsleverandøren til styremaktene innan vårt samfunnsoppdrag. Og det er framsynt i høve til dei nye krava den nye dyrehelselova til EU frå 2021 stiller til land som Noreg, kommenterer administrerande direktør Torill Moseng.

I budsjettproposisjonen vektleggar ein at «Veterinærinstituttet skal vere den leiande kunnskapsleverandøren til forvaltninga» innan områda dyrehelse, fiskehelse, dyrevelferd og fôr- og matvaretryggleik. VIs arbeid for god beredskap vil i hovudsak bli retta mot meldepliktige/listeførte sjukdommar definert i forskrift, og andre alvorlege kjente eller ukjente tilstander. Beredskapsarbeidet vil vere innretta mot å

  • “Gjennom overvaking og analyse føreseie den nasjonale og internasjonale helsesituasjonen
  • førebyggje ved å etablere beredskapsplanar, forstå sjukdomsmekanismar og risikofaktorar
  • oppdage og ha kunnskap om eventuelle smitte- og sjukdomssituasjonar
  • nedkjempe sjukdommar ved å yte bistand til Mattilsynet med råd, analysar og diagnostikk”

–Med det nye hovudkontoret for instituttet  på Ås og dei moderne og gode fasilitetane for kunnskapsutvikling og streng biosikring vi vil få her, har vi gode forutsetningar for å bidra med relevant kunnskap til nasjonal helseberedskap. Dette gjeld både å oppdage og nedkjempe sjukdomar i saman med Mattilsynet og andre, men det beste er sjølvsagt om vi saman kan førebyggje mot slike heletruslar og moglege sjukdomsutbrot, seier Merete Hofshagen.

–Det er òg gledeleg at Regjeringa aukar løyvingane til forsking over utviklingsbudsjettet og slik frontar auka innsats og frå Veterinærinstituttet særleg knytt til berekraftig avl av husdyr, sikre matsystemer og førebyggjing av helsetruslar også internasjonalt. Her er vi alt godt i gang med nye prosjekt mellom anna i samarbeid med Kunnskapsbanken i Norad.

Høyr gjerne talene til statsrådane Olaug V. Bollestad og Odd Emil Ingebrigtsen under opninga av det nye hovudkvarteret til Veterinærinstituttet på Ås 1. september i år. 

Del artikkel