Undersøker prøver for Listeria

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har tatt i mot og vil i dagane framover ta i mot matprøvar samla inn av Mattilsynet for å undersøke desse for bakterien som kan gje sjukdomen listeriose. Dette er ledd i den oppklaringa Mattilsynet og Folkehelseinstituttet no gjer etter at dei  har registrert auke i talet på humane listeriosetilfelle i Noreg sidan like før jul og fram til i dag.

- Listeriose er ein alvorleg sjukdom hos dyr og menneske forårsaka av ei bakterie som er naturleg nærverande alle stader i miljøet i vatn, jord, i vegetasjon og hos villdyr og husdyr. Friske menneske kan ha bakterien i tarmen, fortel seniorforskar Taran Skjerdal ved Veterinærinstituttet.

- Bakterien Listeria monocytogenes kan overleve og vokse i mange matvarer. Den kan òg etablere seg som husflora i næringsmiddelindustrilokalar der den kan binde seg til flater og danne bakteriesamfunn og sokalla biofilm. Då kan listeriabakteria bli ei varig kjelde til næringsmiddelkontaminasjon.

Smitter gjennom mat

Listeriose er ein sjeldan, men alvorleg sjukdom som hovudsakleg råkar gravide, eldre med svekka helsetilstand og andre personar med nedsett immunforsvar. 

Listeria smitter ofte gjennom enkelte typar mat. Dette gjeld særleg matvarer ein kan lagre lenge kjøleg, og som så blir spist utan vidare varmebehandling. Desse matprodukta er gjerne populære som julemat og det er difor ikkje overraskande at nye sjukdomstilfelle blir kjende no. Inkubasjonstida er sterkt varierande frå 24 timar til opp til tre månader.

Veterinærinstituttet har rolla som nasjonalt referanselaboratorium for listeria frå fôr, dyr og mat.

Her finn du meir informasjon om Listeria og listeriose på våre faktasider

Veterinærinstituttet har utarbeida ei handbok om Listeria for produksjonsverksemder

For meir informasjon om tilfella

  • Les melding frå Folkehelseinstituttet
  • Les melding frå Mattilsynet

Del artikkel