To raudrev avliva i Alta hadde skabb

Denne saken er eldre enn to år

To raudrev, som vart avliva i samband med at ein rev gjekk til åtak på eit barn i ei barnevogn i Alta, var begge hardt angrepne av hudsjukdommen reveskabb. Det konkluderer Veterinærinstituttet etter å ha undersøkt revane. Revane var ikkje smitta med rabiesvirus.

- Obduksjonen viste at dei to revane hadde mista svært mykje av pelsen. Det var store område med omfattande skorpedanningar i huda, og dei var avmagra. Dette er typiske teikn hos rev som har skabb, seier Turid Vikøren, vilthelseansvarleg ved Veterinærinstituttet.

Skabb er ein hudsjukdom som er årsaka av midden Sarcoptes scabiei. Homidden som er om lag 0,5 mm lang,  grev gangar i overhuda, der den legg 1-3 egg per dag i opptil to månader. Dette fører til irritasjon og betennelse, som igjen fører til intens kløe.

Midd som fell av verten vil under optimale tilhøve kunne overleva i opptil 2-3 veker(10-15 grader og høg fuktigheit), men i praksis overlever dei truleg berre nokre dagar.

Reveskabb kan smitta frå rev til andre hundedyr. Sjukdommen er påvist hos gaupe og ulv her i landet og det er også rapportert nokre få tilfelle hos mår og grevling. Reveskabb kan også gi moderat kortvarig kløe (cirka 2 veker) og utslett hos mennesker. Dette vert kalla «pseudoskabb». Reveskabb smittar ikkje vidare frå menneske.

- Smitte av skabb mellom dyr skjer i hovudsak ved direkte kontakt mellom dyr, men kan og skje ved kadaver-eting (til dømes frå rev til ulv) eller ved indirekte kontakt med smitta materiale i miljøet, seier Vikøren.

Skabb er velkjent hos raudrev. På slutten av 1970-talet og 80-talet vart raudrevbestanden i Noreg kraftig redusert på grunn av denne sjukdommen.

Unormal oppførsel

Rev som er hardt angrepne av skabb, vil ha eit stort varmetap sidan pelsen manglar. Dei vil også ha manglande evne til normalt næringsopptak.

- Det er ikkje uvanleg at rev som er hard ramma av skabb, er mindre sky enn normalt og søker til tettbygde strøk for å skaffa mat og ly. Sidan dei er sterkt svekka, kan dei i sin søken etter mat og ly oppføra seg unormalt, seier Vikøren.

Undersøkt for rabies

Sidan desse to revane  kunne vera ein av dei som gjekk til åtak på eit barn i ei barnevogn, så undersøkte Veterinærinstituttet dei òg rutinemesseg for rabies. Prøvane frå begge revane var negative.

Fastlands-Norge er erklært fri for rabies, men rabies vert frå tid til anna påvist hos fjellrev og reinsdyr på Svalbard.

Mattilsynet vil ha melding om sjølvdøde revar i området, og ber publikum melde frå om rev som har skabb eller er sjuk eller skada. Les meir på nettsida til Mattilsynet >

Kontakt:

Del artikkel