Nytenkjande i The Lancet: Fremjar ei heilskapleg tilnærming til global helse

Ein ny vitskapleg artikkel framhevar korleis helsa til menneske, dyr og miljøeter uløyseleg knytt saman – og kvifor ei heilskapleg tilnærming er avgjerande for å møte helseutfordringane i framtida.

Artikkelen peikar på korleis globale truslar som klimaendringar, antibiotikaresistens, ikkje-smittsame sjukdommar og mattryggleik ikkje kan løysast kvar for seg. Faksimile.

Artikkelen er utarbeidd av The Lancet One Health Commission der mellom anna Carlos das Neves har deltatt. Das Neves var med i frå starten av dette arbeidet da som direktør for forsking og internasjonalisering ved Veterinærinstituttet, og har fortsatt med dette i hans noverande stilling som  Chief Scientist i European Food Safety Authority (EFSA).

Carlos Das Neves var tidligere direktør for forsking og internasjonalisering ved Veterinærinstituttet, og har fortsatt i kommisjonen i hans noverande stilling som  Chief Scientist i EFSA..
Carlos Das Neves var tidligere direktør for forsking og internasjonalisering ved Veterinærinstituttet, og har fortsatt i kommisjonen i hans noverande stilling som Chief Scientist i EFSA. Foto: EFSA

Artikkelen peikar på korleis globale truslar som klimaendringar, antibiotikaresistens, ikkje-smittsame sjukdommar og mattryggleik ikkje kan løysast kvar for seg. Desse utfordringane krev ein samordna innsats på tvers av sektorar og fagfelt – ei tilnærming kjend som One Health, eller Éi helse.

- For å sikre ei sunn framtid for menneske, dyr og planeten må dei globale matsystema endrast slik at dei blir rettferdige, berekraftige, trygge og robuste. Denne rapporten understrekar korleis éi helse-tilnærminga krev inkluderande styringsformer og økonomiske modellar som set helse og livskvalitet i sentrum – og ser menneskeleg velferd i samanheng med helsa i økosystema og alt liv. Dette er ein rapport alle bør lese, uttalerer Carlos das Neves i samband med lanseringa av rapporten.

Bryte ned siloar

Verda står overfor eit aukande tal samanvovne truslar mot menneske, dyr og økosystem. Lancetartikkelen gir ein grundig gjennomgang av utviklinga til eitt helse-konseptet, noverande status og framtidige moglegheiter når det no er berre fem år igjen til FNs berekraftsmål skal vere nådd. Rapporten oppmodar avgjerdstakarar, fagfolk og lokalsamfunn verda over til å bryte ned siloane og ta i bruk systemiske, tverrsektorielle løysingar for å nærme seg måla.

Kommisjonen presenterer ti konkrete tilrådingar for ein global éi helse-tilnærming. Blant desse er institusjonalisering av globale retningslinjer og politikk, og integrering av éi helse i utdanning og overvakingssystem.

Nøkkelfunn frå rapporten:

  • Éi helse-overvaking reddar liv: Integrerte system som overvaker sjukdom hos smitteberarar, dyr og såkalla indikatorartar har vist seg effektive for tidleg varsling og førebygging av utbrot.
  • Luftforureining er ein global helsekrise: 99 prosent av befolkninga i verda pustar forureina luft, noko som fører til millionar av for tidlege dødsfall kvart år – særleg i låg- og mellominntektsland.
  • Matsystema må endrast: Ernæringsbehova til ei veksande befolkning må dekkjast utan å gå ut over helsa til planeten. Kommisjonen etterlyser berekraftige matsystem basert på prinsipp om ansvarskjensle, rettferd og heilskapleg tenking.
  • Miljødegradering er ein helsetrussel: Forureining av jord på grunn av plast, tungmetall og ørkenspreiing svekkjer økosystem, skader plante- og dyrehelse og aukar risikoen for antibiotikaresistens og smittsame sjukdommar.
  • Vassmangel forsterkar ulikskap: Over halvparten av befolkninga i verda opplever vassmangel, som igjen påverkar mattryggleik, sjukdomsspreiing og rammer kvinner og barn spesielt hardt.

Les heile artikkelen her.

Kontaktperson

Del artikkel