Oppslag i media har reist spørsmålet om fjerning av narasin frå slaktekyllingfôret kan ha ført til meir tarmsjukdom og svekka produksjonsresultat. Veterinærinstituttet har ikkje detaljerte data på dette, men inntrykket er at overgangen til narasinfri produksjon i hovudsak har gått bra hittil. Det synes likevel klart at ein ser enkelte negative utslag, blant anna ein moderat auke i forekomst av leverforandringar som tydar på tarmsjukdom. Det er derfor nødvendig med meir kunnskap for å redusere risikoen for alvorlegare problem.
Slaktekyllingoppdrettet er ein komplisert produksjon som blir påvirka av mange faktorar som varierer over tid. Sentrale element omfattar blant andre fôrproduksjon og fôring, helsetilstanden hos foreldredyra, ruging og klekking, veterinærtenester samt miljø og hygiene i oppdrettshuset. Desse faktorane har alltid vore viktige og mye er gjort for å betre rutinane i alle desse ledda. Men når ein tar bort narasin frå fôret vil det stille enda større krav til kunnskap og oppfølging på alle nivå.
Helsetilstanden i kyllingtarmen er spesielt utsett. Det er særleg to sjukdomstilstandar som er velkjente; koksidiose og nekrotiserande enteritt (tarmbetennelse). Når kyllingen blir råka av desse, vil ikkje berre produksjonsresultata bli svekka; risikoen for andre infeksjonssjukdommar vil også auke.
Veterinærinstituttet koordinerer prosjektet ‘Koksfri kylling’, som fokuserer på korleis fôret kan påvirke tarmhelsa. Prosjektet vart initiert av Nortura og er eit samarbeid med Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet (NMBU) samt alle selskapa som produserer slaktekyllingfôr og sel slaktekylling i Norge.
– Vi har testa effekten av 20 ulike ikkje-antibiotiske fôrtilsettingar i forsøk, og vil også teste slike fôrtilsettingar i kommersielle besetningar, fortel seniorforskar og prosjektleiar Magne Kaldhusdal.
– Enkelte av desse produkta har gitt lovande resultat, og fôrselskapa er svært interesserte i å ta denne kunnskapen i praktisk bruk. Han fortel at prosjektet også har ein doktorgradsstudent , Silje Granstad, som blant anna skal studere effekten av fôrsamansetting på kyllingens tarmhelse.
Lite kunnskap om sjølve tarmfloraen
Eit anna område der vi manglar kunnskap er kyllingens tarmflora. Denne utgjer i seg sjølv ein viktig faktor for helse og produksjon i slaktekyllingoppdrettet. Tarmbakteriar kan grovt forenkla delast i tre kategoriar; positive for kyllingen, negative for kyllingen og nøytrale. Her står vi overfor to typar utfordringar.
For det første veit vi for lite om kva for bakteriar som er positive og negative. For å vinne meir kunnskap om dette må vi studere bakteriesamfunnet (mikrobiotaen) hos kyllingar med respektive god og dårleg produksjon og tarmhelse.
For det andre veit vi for lite om korleis vi kan stimulere dei positive bakteriane og hemme dei negative. Kva for innsatsfaktorar betyr mest og nøyaktig korleis skal vi styre desse innsatsfaktorane for å sikre dei gode tarmbakteriane? Veterinærinstituttet ønskjer å skaffe ny kunnskap på dette viktige feltet, og søkjer derfor om pengar til eit forskingsprosjekt saman med andre forskingsinstitusjonar og næringspartnerar.
Meir kunnskap viktig for dyrevelferd
Meir kunnskap på dette feltet vil også ha betydning for dyrevelferd. Ein kylling med svekka tarmhelse kan ha blaut avføring. Kyllingane går på golv med strø (vanlegvis kutterflis). Det er viktig at dette strøet held seg tørt og luftig. Blaut gjødsel vil auke risikoen for at strøet blir vått og/eller dannar skorper. Slikt strø vil redusere trivselen og auke risikoen for at kyllingen får hudskader. Denne effekten av blaut gjødsel kan motvirkast med auka arbeidsinnsats, fyring og ventilasjon, men det beste er å hindre utvikling av blaut gjødsel. Ikkje minst ville det vera bra om ein finn fram til eit fôr som stimulerer dei positive tarmbakteriane og dermed gjer kyllingtarmen meir robust.