Harepest-sesongen er i gang

Veterinærinstituttet har i løpet av august påvist harepest (tularemi) hjå fem harar. Harane kom høvevis frå området aust for Oslofjorden og sørlege delar av Trøndelag.

Harepest, også kalla tularemi, er ein viktig sjukdom og dødsårsak hjå hare. Dei fleste tilfella opptrer om ettersommaren og hausten. Sjukdommen skuldast infeksjon med bakterien Francisella tularensis. Harepest kan også smitta til menneske og gi sjukdom.

– Påvising av tularemi hjå hare er difor eit varsel til folk om at bakterien finst i området. Så langt i år har vi påvist sjukdommen i Vestby, Fredrikstad og Marker, samt i Trøndelagskommunane Oppdal og Røros, seier Turid Vikøren, fagansvarleg vilt ved Veterinærinstituttet.

- Ikkje ta på ein sjuk eller daud hare. Ein må også vera ekstra varsam med å drikka vatn frå bekkar og andre usikre vasskjelder i området og følgja råda frå Folkehelseinstituttet, påpeiker ho.

Les meir om råd frå FHI til jegarare og andre som ferdes ute 

Harepest hjå ville dyr

Harepest førekjem over hele landet, men er oftast påvist i Sør-Noreg. Dei fleste tilfella opptrer om ettersommaren og hausten, men kan også dukke opp tidlegare i sesongen. Sjukdommen hjå hare klingar av når frosten kjem.

- Ein smitta hare blir svært sjuk og døyr vanlegvis etter nokre få dagar. Vi har mindre kunnskap om kor sjukdomsframkallande denne bakterien er hjå smågnagarar, og enkelte artar fungerer truleg som smittereservoar, seier Vikøren.

- Haren er normalt «lett på fot» og typisk for sjuke harar er at dei er tregare enn normalt, men rett etter at dei er smitta kan dei virka friske, seier ho.

Les meir om harepest hjå dyr.

Harepest hjå hund

- Kjæledyr og husdyr er relativt lite mottakelege for harepest, men hundar som vert smitta får typisk feber og lita matlyst i nokre dagar. Dei blir vanlegvis ikkje alvorleg sjuke og sjukdomsteikna går som regel over i løpet av nokre få dagar, men nokre treng behandling hjå veterinær.

Ho forklarar vidare at som ein generell regel bør ein, i den grad det er mogeleg, ikkje lata hundar eta eller snusa på daude harar eller smågnagarar.

Ta kontakt med Mattilsynet

Finn du ein daud eller sjuk hare, ta kontakt med det lokale Mattilsynet, som gir råd om korleis dyret skal handterast vidare.  Mattilsynet vil i samråd med Veterinærinstituttet ta ei avgjersle om haren skal sendast til Veterinærinstituttet for undersøking.

Diagnosen harepest er basert på obduksjon og påvising av bakterien i indre organ med en molekylærbiologisk metode (PCR).

-Det er stor smittefare når ein tek ut prøvar. Difor må daude harar, der ein har mistanke om harepest, handterast og pakkast på ein forsvarleg måte og sendast heile inn til Veterinærinstituttet i Ås for undersøking, avsluttar Vikøren.

Meir om harepest 

Les meir om harepest hos menneske på nettsidene til Folkehelseinstituttet.

Harepest er skildra i Dyrehelserapporten 2019 under kapittelet Ville dyr, Sykdom i fokus 2019.

Del artikkel