Førekomsten av hudvorter aukar hos hjort

Hudvorter hos hjort vart observerte for første gong i Noreg 2019. Sidan har det vorte registrert eit aukande tal  "vortehjortar", og i stadig fleire kommunar. Jegerar blir oppmoda til å kontakte Veterinærinstituttet dersom dei treffer på vorteråka hjortar.

Vortene kjem av eit papillomavirus som er ulikt det papillomaviruset som gir vorter hos elg. Sjølv om viruset er vanleg forekommande hos hjort i Europa, var det inntil 2019 ingen tidlegare påviste tilfelle i Noreg.

I 2021 vart det publisert ein artikkel på hjortetvilt.no der hjortejegerar vart oppmoda til å melde inn funn av hudvorter hos hjort. Dette tok hjortejegerane på alvor, og det vart meldt inn rikeleg med tilfelle. Innmeldingane gav eit godt grunnlag for å vurdere utbreiinga og den vidare spreiinga av viruset. Fleire jegerar sende med bilete som også gjorde det mogleg å vurdere omfanget og alvorsgrada av infeksjonen hos den enkelte hjorten. Oppsummeringa som følgjer er eit samandrag av informasjon publisert i rapportane frå Helseovervåkingsprogrammet (Vilt-HOP) for 2021 og 2022.

Jegerobservasjonane frå 2021 indikerte at hjortevorter då fanst i 11 kommunar i Vestland fylke og dessutan i dei nordlege delane av Rogaland. I 2022 såg det ut til at viruset hadde spreidd seg til 11 nye kommunar.

Kart over den geografiske utbredelsen av smittsomme vorter hos hjort 2019-2022.  Kart: Attila Tarpai, Veterinærinstiuttet
Kart over den geografiske utbreiinga av smittsame vorter hos hjort 2019-2022. Kart: Attila Tarpai, Veterinærinstituttet

-Dette kan bety av viruset er under spreiing. Dei første meldingane frå jakta i 2023 har byrja å tikke inn, men det er førebels for tidleg å seie noko om utbreiinga har auka i år igjen, fortel vilthelseansvarleg ved Veterinærinstituttet, Malin Rokseth Reiten.

Jegerobservasjonar tyder på auka talet på av dyr med vorter 

- Førespurnadene indikerer så langt at det er auka førekomst av individ med hjortevorter i kommunane som allereie hadde sjukdommen. Det kan også verke som om fleire dyr har mange vorter, seier Reiten.

Undersøkingane frå jaktsesongen 2021 og 2022 har vist at vortene typisk finst på innsida av låra, i lysken og under buken.

- Av og til ser me det som blir kalla «generalisert» utbreiing på dyret. Det vil seie tilfelle der vortene opptrer i stort tal og er spreidde utover store delar av kroppen. Me veit ikkje kvifor enkelte individ utviklar denne forma, medan andre berre får enkelte vorter, fortel ho. 

Vortene sit i huda og kan vere av varierande storleik og farge, men den «klassiske» vorta liknar ein blomkål, har ein rund til oval form, tørr overflate og er lys til mørk grå i fargen (sjå foto i sak).

Kan oppstå betennelse i vortene

Hos enkelte dyr oppstår det ein bakteriell betennelse i vortene. Desse vortene kan endre farge og lukt, og det kan komme puss ut av dei. Dersom denne bakterielle infeksjonen spreier seg i kroppen frå infiserte vorter kan vortene gi smerte når dyret bevegar seg. Dyret kan få nedsett allmenntilstand og magre av. I sjeldne tilfelle kan vortene forvekslast med kreftformer i huda.

Veterinærinstituttet ønskjer framleis informasjon om hjortevorter i Noreg, og særleg informasjon om førekomst av vorter hos hjort i nye område.

Veterinærinstituttet tek gjerne mot bilete på e-post og dessutan informasjon om:

  • funnstad (kommune)
  • fellingsdato
  • aldersgruppe
  • kjønn
  • hald på dyret
  • talet på vorter og plassering på dyret
  • mengd dyr observert i same område utan hjortevorter  

For å sende inn materiale, ta kontakt med oss for ein eventuell nærare avtale. 

Les fakta om hjortevorter(vetinst.no)

 

Malin Rokseth Reiten

Veterinær/forsker vilthelse og viltpatologi
Vis telefonnummer
Send e-post

Del artikkel