Tularemi skuldast den intracellulære bakterien Francisella tularensis. I Noreg blir tularemi diagnostisert sporadisk hos hare.
Ved obduksjonen vart det vekt mistanke om tularemi pga. teikn på blodforgifting og lyse område med vevsdød (nekrosar) i beinmarg, milt og lever. Immunhistokjemi på vevssnitt frå lever og beinmarg var positiv for Francisella tularensis og bakterien vart påvist ved dyrking og ved molekylærbiologisk påvisning av arvestoff frå bakterien direkte frå organ frå haren.
Tularemi er ein bakteriell infeksjonssjukdom som oftast blir sett hos viltlevande dyr. Haren er spesielt følsam for infeksjon med Francisella, og døyr vanlegvis 2-5 dagar etter at han har blitt smitta. Også mange smågnagere er følsame, men her er det monalege artsvariasjoner. Ein del smågnagarar vil trulig overleva infeksjonen og kunna fungera som smittespreiarar i naturen. Kjæledyr og husdyr er vanlegvis lite mottakelege for tularemi.
Tularemi er ein zoonose, det vil seia ein infeksjon som kan overførast frå dyr til menneske. Ein må såleis vera svært forsiktig ved handtering av daude harar og smågnagarar.
Veterinærinstittuttet har eit nasjonalt ansvar for sjukdomsdiagnostikk på viltlevande dyr, inkludert hare.
Veterinærinstituttet sitt faktaark om Tularemi
Folkehelseinstituttet sin informasjon om Tularemi
Kontaktperson på Veterinærinstituttet
Berit Djønne, seksjonsleder
Seksjon for bakteriologi
Telefon: 23 21 63 23
E-post: berit.djonne@vetinst.no