PKD trugar norsk laksefisk

Denne saken er eldre enn to år

Merk deg forkortinga PKD. Dette er garantert ikkje siste gongen du les om desse tre bokstavane. PKD er namnet på ein parasittsjukdom hos laksefisk som har herja i fleire europeiske land over lengre tid. No gjer sjukdommen seg også gjeldande i norske vassdrag.

Sjukdommen er stadvis like alvorleg som gyrodactylusen framkalla av den frykta lakseparasitten Gyrodactylus salaris. Somme stader er PKD enda verre, for denne sjukdommen skil ikkje mellom laks, aure, røye og harr. Alle disse laksefiskane kan bli like alvorleg ramma.

Alvorlege utbrott
Hausten 2006 vart det påvist alvorlege utbrott av fiskesjukdommen PKD hos lakse- og aureyngel i Åbjøravassdraget i Nordland og i Jølstra i Sogn og Fjordane. Det vart funne mykje død fisk i begge vassdraga. I Åbjøravassdraget hadde ein sett død fisk i fleire år, men først no vart årsakssamanhengen klarlagd.

Etter ein fersk rapport frå Norsk institutt for naturforsking er det grunnlag for å hevde at produksjonen av laksesmolt og sjøauresmolt i Åbjøravassdraget er redusert med mellom 50 og 70 prosent på grunn av PKD.

Kva framtidig verknad dette har for lakse- og sjøaurefisket, er uvisst, men det er grunn til å frykte ein nedgang i dette vassdraget, som i 2006 låg på 13.-plass blant dei beste sjøaureelvane i Noreg.

Det er ikkje gjort tilsvarande vurderingar av effekten på laks og sjøaure i Jølstra. Det er truleg heller ikkje mogleg i og med at observasjonane i Jølstra er for få.

PKD har i lang tid vore eit problem lenger sør i Europa. I Sveits er det totale aurefisket redusert med 60 prosent dei siste 25 åra. I somme elvar har nedgangen vore på meir enn 80 prosent. Også harrbestanden er sterkt redusert i mange elvar.

PKD ser ut til å vere den viktigaste årsaka til denne nedgangen. I Storbritannia har det også vore mange PKD-utbrott i oppdrettsanlegg, særleg i anlegg med regnbogeaureproduksjon, mellom anna til «Put and take»-fiske.

Parasittær nyresjuke
PKD er forkorting for det engelske Proliferative Kidney Disease. Den første bokstaven kan også stå for Parasitic, ettersom dette er ein parasittsjukdom. På norsk blir sjukdommen kalla parasittær nyresjuke.

Sjukdommen må ikkje forvekslast med BKD (bakteriell nyresjuke), som både har eit liknande namn og er årsak til ganske like endringar hos fisken, særleg i den ytre utsjånaden. Likskapen mellom PKD og BKD er at begge sjukdommane først og fremst går til åtak på nyra (blodranda).

Typiske symptom
Typiske symptom hos fisk med PKD er utspilt buk (sjå biletet til høgre) og bleike gjeller. I tillegg kan fisken ha utståande auge og mørk farge. Fisk som døyr på grunn av PKD, har ofte utspilte gjellelokk. Men ver klar over at dei ytre endringane som er nemnde her, er ganske generelle, og dei kan også vere indikasjonar på andre fiskesjukdommar.

Opnar ein buken på ein fisk med PKD, ser ein som regel at nyra er sterkt forstørra. Ofte har nyra også ein meir gråleg farge enn den normalt djupraude.

Nyra har mange funksjonar, mellom anna er det her dei raude blodcellene blir laga. Hos fisk med PKD kan denne funksjonen bli heilt eller delvis øydelagd, slik at det blir for liten produksjon av nye raude blodceller. Det er årsaka til at gjellene blir bleike.

Ved hjelp av såkalla histologi (vevsnitting), gjerne med spesialfarging, kan ulike parasittstadium påvisast i nyra, og ved hjelp av molekylærbiologiske metodar kan ein på grunnlag av arvestoffet (DNA-et) til parasitten identifisere den aktuelle parasittarta.

Spesiell livssyklus
Parasitten som framkallar PKD – heretter kalla PKD-parasitten –, har det vitskaplege namnet Tetracapsuloides bryosalmonae og høyrer til den store parasittgruppa myksozoar, der meir enn 1 600 arter er funne i fisk.

For få år sidan fann ein ut at myksozoar har to vertar i livssyklusen sin, og at fisk berre er mellomvert. Hovudvert eller sluttvert er ulike virvellause dyr, særleg børstemark.

Men for PKD-parasitten har forsking avslørt ein heilt spesiell livssyklus. Denne parasitten bruker ulike mosdyr som hovudvert. Mosdyr kjenner nok dei fleste lite til, men denne dyregruppa er svært viktig for det biologiske mangfaldet.

Mosdyr ( bryozoar) er ei artrik, vasslevande dyregruppe som først og fremst finst i saltvatn, men det er også funne nokre arter i ferskvatn.

Ti ulike arter
Det enkelte mosdyret er mikroskopisk lite, ofte berre ein millimeter. Men mosdyra kan lage relativt store koloniar som ein kan sjå med berra auga. Å sjå til liknar mosdyra mykje på koralldyra, som dei fleste nok kjenner betre.

I Noreg er det til no funne ti arter ferskvassmosdyr. Undersøkingar i andre land har vist at mange arter, mellom anna gelémosdyret og sultanmosdyret, kan fungere som vertar for PKD-parasitten.

Begge desse to mosdyrartene er funne i mange norske vassdrag, men per i dag har vi ingen kunnskap om kva slags mosdyr PKD-parasitten faktisk bruker i Noreg. Slik kunnskap vil vere nødvendig ved ei eventuell målretta forvaltning av sjukdommen PKD hos vill laksefisk.

Uheldige badetemperaturar
PKD-utbrott kjem særleg etter lengre periodar med høg vasstemperatur. Generelt ser det ut til at utbrotta kjem etter at vasstemperaturen har vore over 15 ºC i meir enn 14 dagar. Går vi nokre tiår tilbake, skjedde dette etter måten sjeldan. No skjer det nesten kvart år, jamvel i dei nordlegaste vassdraga.

Personleg fiskar eg kvart år i Finnmark etter laks, sjøaure og sjørøye, mellom anna i eit vatn der temperaturen til vanleg ikkje blir høgare enn 12–13 ºC om sommaren.

I 2004 var det over 18 ºC og badetemperatur i dette vatnet. Det hadde vi ikkje opplevd før. Seinare meiner vi å ha registrert at sjørøyebestanden i det aktuelle vassdraget er redusert, men årsaka til det kan vi berre spekulere i.

Fleire faktorar avgjer
Sjølv om vasstemperaturen er viktig, er det sikkert fleire faktorar som verkar sterkt inn ved PKD-utbrott. Mengda av mosdyr og PKD-parasittar i dei er truleg svært viktig.. Ein mosdyrbestand kan vekse raskt, med ei dobling på nokre få dagar dersom det er nok mat og plassar nok å feste seg på.

Generelt trivst mosdyr på skjerma plassar i innsjøar og elvar. Observasjonar kan tyde på at laksevassdrag som har innsjøar eller stilleflytande parti på eller rett ovanfor ei anadrom strekning, er mest utsette for PKD-utbrott.

Dersom du finn død småfisk med svollen buk og bleike gjeller nedstraums på slike plassar, kan det vere grunn mistanke om at dødsårsaka er PKD. I Noreg kjem PKD-utbrott først og fremst seint på sommaren og utover hausten etter lengre periodar med varmt vêr og relativt lite nedbør.

Fleire utbrott
Fleire forskarar har uttala at vi kan vente fleire PKD-utbrott i takt med klimaendringane. PKD-utbrotta i Åbjøravassdraget og Jølstra i 2006 kan vere dei første signala om slike endringar, og vi må rekne med fleire utbrott i norske vassdrag i åra som kjem.

Vi skal også vere klar over at vassdragsutbyggingar kan gi endringar i vasstemperatur og vassføring som er gunstige for PKD-parasitten. Klimaendringar kan forsterke effekten av slike utbyggingar.

Ein ny sjukdom
Håelva på Jæren er det einaste norske vassdraget der det tidlegare er påvist PKD hos villfisk. Sjukdommen vart påvist hos lakse- og aureyngel i 1988 og 1990.

Seinare har det vore stille, men undersøkingar av lakse- og aureyngel frå Håelva hausten 2006 viser at PKD-parasitten er vanleg. Det er derfor grunn til å tru at PKD jamleg har hatt verknad for overlevinga hos både lakse- og aureyngel i Håelva.

Etter påvisinga av PKD i Åbjøravassdraget og Jølstra hausten 2006 vart det sett i gang ei screening i 19 utvalde vassdrag for å kartleggje førekomsten av PKD-parasitten. Dei utvalde vassdraga hadde anten ein uforklarleg nedgang i laksebestandane, eller dei vart vurderte som risikovassdrag. PKD-parasitten vart påvist i dei fleste vassdraga.

Er utbreidd
Funna gir inga direkte forklaring på nedgangen i laksebestandane, og dei seier heller ikkje noko om førekomsten av PKD-parasitten generelt i Noreg fordi dette var eit spesielt utval av såkalla «risikovassdrag». Men det er grunn til å tru at parasitten er utbreidd, og at PKD-utbrott kan kome dersom miljøtilhøva blir gunstige for mosdyr og parasitt.

PKD er påvist i fleire norske setjefiskanlegg, først og fremst i kultiveringsanlegg med aure. Det blir nesten årleg rapportert om PKD frå eit av dei største kultiveringsanlegga i Noreg, som i lang tid har sett ut aure over store delar av landet, særleg i samband med reguleringspålegg.

Vi har ikkje i dag bevis for at denne flyttinga av fisk har medverka til å spreie PKD-parasitten, men forskarane har gjort nokre funn som gir grunn til uro.

Unødvendig mellomvert
Det har lenge vore forska kring livssyklusen til PKD-parasitten og kva rolle fisken spelar i denne livssyklusen. Det ser ut til at parasitten er i stand til å formeire seg i ein mosdyrpopulasjon i lang tid utan mellomvert.

Parasitten er funnen hos mosdyr utan at fisk er til stades. Men nyleg er det vist at sporar som blir utvikla i fisk, er i stand til å infisere mosdyr og utvikle seg i dei. Deretter vart PKD-parasitten smitta tilbake til laksefisk. Dette vil i klartekst seie at laksefisk kan inngå i livssyklusen til PKD-parasitten, og dermed kan flytting av fisk føre til at parasitten blir spreidd.

Dette bør få følgjer for flytting av fisk mellom norske vassdrag, særleg fisk som blir sett ut frå ulike setjefisk-/kultiveringsanlegg. Slik fisk bør undersøkjast for PKD-parasitt før utsetjing. Alternativt kan infisert fisk setjast ut i lokalitetar der parasitten finst frå før. Norske styresmakter er orienterte om desse forholda.

Somme stader i innlandsvassdrag er det observert stor nedgang i harrbestanden utan at ein veit kvifor. Det er enno ikkje grunnlag for å spekulere i at dette kan kome av PKD i Noreg, slik tilfellet ser ut til å vere i Sveits, men ein kan heller ikkje sjå bort frå det. Det bør derfor undersøkjast om PKD kan vere ein del av forklaringa.

Frysing eller konservering
Kva gjer vi dersom vi finn fisk som vi trur kan ha PKD?

PKD er først og fremst ein sjukdom hos fiskeyngel i det første og andre leveåret. Eldre fiskar kan også bli sjuke, men det er meir sjeldan. Eldre fiskar kan ha PKD-parasitten utan å bli sjuke, fordi dei har utvikla ein viss immunitet gjennom kontakt med parasitten tidlegare i livet.

Dersom du finn villfisk som du trur kan ha døydd av PKD, er det viktig at fisken raskt blir handtert på ein slik måte at rotningsprosessen stansar. Fisken kan frysast – eller enda betre: konserverast i sprit (helst over 70 prosent).

Blir sprit brukt, er det viktig at spriten er utan tilsetningsstoff, fordi desse stoffa øydelegg for DNA-analysane.

Det er også viktig å opne buken på fisken, slik at spriten kjem raskt inn til nyra. Ein kan kontakte det lokale mattilsynet eller miljøforvaltninga, som kan hjelpe til med prøveuttak og innsending til eit analyselaboratorium.

Du kan også kontakte artikkelforfattaren, som til dagleg arbeider på Veterinærinstituttet i Oslo, dersom du ønskjer meir informasjon eller treng hjelp til innsending. tor-atle.mo@vetinst.no.

Fakta om PKD

Last ned artikkelen i pdf-format

(Denne artikkelen stod på trykk i tidsskriftet Jakt & Fiske i november 2007)

Del artikkel