Harepest i Akershus bekrefta

Denne saken er eldre enn to år

Ein hare vart funne død i Vestby kommune. Obduksjon og laboratorieanalysar viste at haren hadde tularemi - også kalla harepest. Harepest er ein bakteriell infeksjonssjukdom som også kan overførast til menneske. Det er det 2. tilfellet av harepest hjå hare i Vestby i løpet av få månader.

Tularemi skuldast den intracellulære bakterien Francisella tularensis. I Noreg blir tularemi diagnostisert sporadisk hos hare.

Ved obduksjonen vart det vekt mistanke om tularemi pga. teikn på blodforgifting og lyse område med vevsdød (nekrosar) i beinmarg, milt og lever. Immunhistokjemi på vevssnitt frå lever og beinmarg var positiv for Francisella tularensis og bakterien vart påvist ved dyrking og ved molekylærbiologisk påvisning av arvestoff frå bakterien direkte frå organ frå haren.

Tularemi er ein bakteriell infeksjonssjukdom som oftast blir sett hos viltlevande dyr. Haren er spesielt følsam for infeksjon med Francisella, og døyr vanlegvis 2-5 dagar etter at han har blitt smitta. Også mange smågnagere er følsame, men her er det monalege artsvariasjoner. Ein del smågnagarar vil trulig overleva infeksjonen og kunna fungera som smittespreiarar i naturen. Kjæledyr og husdyr er vanlegvis lite mottakelege for tularemi.

Sjukdommen kan òg smitta til menneske. For å unngå smitte må ein ikkje handtera daude eller sjuke dyr i naturen eller drikka frå urensa vasskjelder. Jegerar bør vera merksame på harar som oppfører seg unormalt i los. Koking av vatn som er infisert, f.eks i 1 minutt, vert rekna som tilstrekkeleg for å drepa bakterien. Kontakt det lokale Mattilsynet på telefon 06040 om du observerar sjuke eller døde dyr.

Veterinærinstituttet har eit nasjonalt ansvar for sjukdomsdiagnostikk på viltlevande dyr, inkludert hare.

Faktaark om Harepest (tularemi)
Mattilsynets informasjon om harepest
Folkehelseinstituttets informasjon om harepest

Kontaktperson ved Veterinærinstituttet:
Kjell Handeland, forskar, seksjon for vilthelse
Telefon: 23 21 63 50/53
E-post: kjell.handeland@vetinst.no

Del artikkel