Grunnsteinen er lagt ned!

Denne saken er eldre enn to år

To statsrådar gjorde i går jobben sin og fekk grunnsteinen for det nye Veterinærbygget på ÅS ned i bakken. Grunnsteinen inneheld bevis frå Veterinærinstituttet på Cronic Wasting Disease, på fransk hjerteorm og boka «100 år på Adamstuen» - til undring og ettertanke for dei som kanskje opnar boksen om 100 år. Alt dette er no dynga ned med sement av Torbjørn Røe Isaksen og Jon Georg Dale i det som markerte starten på flyttinga av Veterinærinstituttet til Ås i 2019. Sjå video fra hendinga nedanfor. 

Jobben med å leggje ned grunnsteinen blei nennsamt utført av dei to statsrådane, og det bivåna av ei stor mengde tilsette frå Veterinærinstituttet. Alt til rim frå Espen Beranek Holm og til jubel frå tilsette ved sambuar NMBU, byggherre Statsbygg og entreprenøren Skanska. Ordførar og fylkesmann sola seg òg i glansen denne dagen. Det var en dag for feiring og det med praktfullt vær, gode talar og god kake til alle som møtte fram. Det som førebels berre er eit veldig stort byggehøl skal bli til husrom for ei kunnskapsklynge for norsk helseberedskap, for bioproduksjon og for bioøkonomi.

-Som eit slott
Grunnsteinen dei to statsrådane varsamt la ned markerar starten for eit bygg og ei samfunnsinvestering på ikkje mindre enn åtte milliardar kroner. Det er den største investeringa i noko universitets- eller høgskolebygg i Noreg nokonsinne, ifølgje kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen. Han samanlikna bygget med eit slott. I kvadratmeter er storleiken på nybygget lik slottet til Solkongen i Versailles utanfor Paris.  

 -Og dette på eit gardsbruk som med sine 4800 dekar er monge gongar større enn det småbruket på Vestlandet som eg vaks opp på, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale i dagens understatement. Begge statsrådane lovprisa kor viktig bygget vil bli for forsking, undervisning og kunnskapsbygging i fag som er viktige for Noreg.  

–I 2019 vert det nye Veterinærbygget del av den største grøne og blå kunnskapsklynga i Noreg. Campus Ås samlar den fremste kompetansen her i landet innan kunnskapsutvikling og utdanning for norsk matproduksjon og dyrevelferd. Topp moderne forskings- og undervisningsfasilitetar vil bidra til å heve kvaliteten både i forsking og utdanning, sa Jon Georg Dale. 

 

Statsråden sa at han har høge forventningar til forskingsmiljøa som skal bu i lag i det nye Veterinærbygget. Dei bør sette seg i førarsetet i utviklinga av den norske bioøkonomien. Dei bør levere forsking av høg internasjonal kvalitet og høgt kompetente kandidatar til arbeidslivet. Og dei må sikre at forskinga tas i bruk, fortsatte Dale.

Ein milepæl
–Grunnsteinen er ein milepæl for Veterinærinstituttet, og er viktig for helseberedskapen nasjonalt og internasjonalt. Med nybygget vil vi få fasilitetar og moglegheiter som både er nødvendige og som er heilt supre for å sikre landet vårt best mogleg. Kunnskapsutviklinga og helseberedskapen Veterinærinstituttet arbeider for kvar dag er avgjerande for helse og velferd, sa Gudmund Holstad, administrerande direktør ved Veterinærinstituttet.   

Holstad la til at grunnsteinen er viktig for Veterinærinstituttet, for NMBU, for dei andre institutta på Ås og for fagmiljøa og næringslivet i regionen. Men først og fremst er prosjektet viktig for Norge, for veterinærmedisin, for helseberedskapen, og for bioøkonomien, både på land og i sjøen. Og for det vi med to ord kallar «éi helse».

Direktøren minna om at Veterinærinstituttet er ein av Noreg sine eldste samfunnsinstitusjonar med viktige bidrag til helse og bioøkonomi sidan 1891.  Med samfunnsendringar som meir folkevandring, meire reiser og handel over landegrenser, klimaendringar og fleire handelsavtalar, er behovet for tenestene og kunnskapane til Veterinærinstituttet større i dag.

–Samfunnsøkonomisk sett er nybygget en liten risikopremie i forhold til behova dyr og produsentar, til næringane og til oss alle, slo han fast. Og la til at han sjølve synes det har vore eit privilegium å få vere med på å utvikle eit så stort og viktig prosjekt over fleire år. Det har vore ei meiningsfylt tid.

 

Del artikkel