Første tilfellet av harepest (tularemi) i 2011

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har diagnostisert harepest hjå ein hare frå Hurum kommune. Dette er det første påviste tilfellet i 2011. Det kan ventast fleire tilfelle av denne sjukdommen hjå hare utover sommaren og hausten. Menneske kan også bli smitta.

 

Haren blei funnen daud i Hurum kommune (Buskerud) i midten av mai. Ved undersøking ved Veterinærinstituttet vart det fastslege at haren døydde av harepest.

Harepest (tularemi) skuldast infeksjon med bakterien Francisella tularensis, og ein ser sjukdommen oftast hjå viltlevande dyr som hare og smågnagarar. Haren er spesielt følsam og døyr vanlegvis i løpet av få dagar. Sjukdommen opptrer oftast om sommaren og utover hausten, og i år med stor førekomst av smågnagarar. I 2010 diagnostiserte Veterinærinstituttet vid geografisk utbreiing av tularemi hjå hare i Sør-Noreg Les nyhetssaken.

Lite er kjent om faktorane som regulerar førekomsten av denne sjukdommen i naturen. Påvising av tularemi hjå hare er ein indikasjon på at smitten finst i området. Smågnagarar fungerar truleg som eit viktig smittereservoar og spreiarar av bakterien. Sidan det i år er stor førekomst av smågnagarar mange stader i landet, kan ein venta fleire tilfeller av tularemi hjå hare utover ettersommaren og hausten.

Tularemi kan også opptre hjå menneske (zoonose). For å unngå smitte må ein vera varsam med å handtera daude eller sjuke harar eller smågnagarar, og unngå å drikka vatn frå usikra vasskjelder. Du kan lesa meir om korleis sjukdommen artar seg hjå menneske på Folkehelseinstituttet sine nettsider.

Kontakt det lokale Mattilsynet på telefon 06040 dersom du observerar sjuke eller daude harar.

Harepest hjå vilt kan stadfestast ved laboratorieundersøkingar som vert utført ved Veterinærinstituttet. I tillegg til hare er det av interesse å få inn gnagarar til gransking for harepest, men i slike tilfelle må Veterinærinstituttet kontaktas før innsending. 

Les mer

Kontaktpersonar ved Veterinærinstituttet

Del artikkel