Antibiotikaresistens fortsatt høg i Europa

Denne saken er eldre enn to år

Ein ny europeisk rapport slår fast at det fortsatt er høg førekomst av antibiotikaresistens i bakteriar frå menneske og dyr i mange land i Europa. I Noreg er dette eit avgrensa problem hos både menneske og dyr, men også her i landet ser vi ein auke i førekomst.

Rapporten oppsummerer data frå 2016. Den er utarbeidd av den europeiske styresmakta for mattrygghet (EFSA) og det europeiske senteret for sjukdomsførebygging og kontroll (ECDC).

Nivåa av antibiotikaresistens varierer veldig mykje frå eit europeisk land til eit anna. Rapporten framhevar nokre nye problem og stadfestar at antimikrobiell resistens er ein av dei største truslane mot folkehelsa som vil redusera effekten og behandlinga for ei rekkje sjukdomar.

Salmonellasmitte og campylobacter

I rapporten blir det vist til at bakteriar som salmonella og campylobacter hos menneske viser høg førekomst av antimikrobiell resistens. I tillegg ble det frå fire land påvist ESBL-produserande Salmonella Kentucky med samtidig resistens mot ciprofloxacin.

Salmonella kan finnast hos dyr og smitte vidare til menneske via mat. Salmonellasmitte gjev ofte ein sjølvbegrensande diaresjukdom hos menneske. Ved alvorlege infeksjonar er det behov for antibiotikabehandling.

– Førekomsten av resistente salmonellabakteriar i Noreg er relativ låg samanlikna med andre land i Europa, men òg her i landet aukar resistensen mot enkelte antibiotikum. Mykje av forklaringa til dette er nok at det ikkje er Salmonella i den norske husdyrpopulasjonen, og dei fleste tilfelle hos menneske kan koplast til utanlandsreiser, seier overlege Martin Steinbakk i Folkehelseinstituttet.  

Resistenssituasjonen i Noreg

NORM/NORM-VET-rapporten frå 2016 viser at antibiotikaresistens enno er eit avgrensa problem i Noreg når det gjeld bakteriar frå både menneske og dyr. I rapporten konkluderast det med at norske strategiar for antibiotikabruk og antibiotikaresistens så langt har vore vellukka både i husdyrholdet og i helsevesenet.

– Faren for aukande resistensproblem er likevel til steda i form av økt antibiotikaforbruk i Noreg og import av resistente bakteriar frå andre land. Det er difor naudsynt med enno aktiv innsats for å sikra at vi òg i framtida kan gje effektiv antibiotikabehandling til dei som treng det, understrekar overlege Martin Steinbakk.

Resistente bakteriar i matproduserande dyr

Den nye rapporten frå EFSA/ECDC viser for første gong resultat for den spesielle overvakinga som er utførd for ESBL/AmpC-produserande E. coli hos kylling og kalkun. Resultata viser at Noreg er i ein god situasjon samanlikna med mange andre land. ESBL/AmpC-produserande bakteriar er bakteriar som er resistente mot ein type antibiotika kalla cefalosporinar. 

– I Noreg er det AmpC-produserande E. coli som hovudsakleg vert påvist frå kylling og kyllingkjøtt. Av denne typen resistens ligg vi blant dei landa som har aller lågast førekomst. Noko vi skal merka oss er at dei fleste andre land òg har ein høg førekomst av ESBL-produserande E. coli hos kylling. Det vil sei at når ein ser desse to typane under eitt har dei totalt sett ein veldig høg førekomst på europeisk nivå, seier forskar på Veterinærinstituttet Anne Margrete Urdahl.

Blant dei nye funna som vert trekt fram er at det blei påvist resistens mot karbapenemer hos E. coli frå fjørfe i to EU-land. Dette er resistens mot ein type antibiotikum som er viktig i behandlinga av alvorleg infeksjon hos menneske, men som ikkje er godkjent for bruk til dyr.

– Dette er funn som bør få varsellampene til å blinke. Dersom denne resistensforma blir spreidd i Europas fjørfepopulasjonar vil det på sikt kunne ha tyding for resistenssituasjonen hos menneske med ein auka førekomst av alvorlege infeksjonar som det er vanskeleg å behandle, forklarer Urdahl.

Noreg har dei siste åra inkludert spesielle undersøkingar for denne resistensforma i det årlege overvakingsprogrammet innan veterinær sektor.

– Førebels har vi heldigvis ikkje påvist denne resistensforma i bakteriar frå norskproduserte dyr eller mat, seier ho.

MRSA hos griser

Ein annan utfordring som vert trekt fram i rapporten er to funn av linezolid-resistens i MRSA-bakteriar. Resistens, både mot karbapenemer hos fjørfe, og i MRSA hos griser er alarmerande fordi desse antibiotika vert brukt til menneske for å behandle alvorlege infeksjonar.

– Det er viktig at styresmaktene følgjer opp dette vidare, seier Marta Hugas, sjefsforskar i EFSA.

Noreg har som einaste land i verda innført eit overvakings- og kontrollprogram for MRSA hos svin.

– Dette har ført til at vi i Noreg klårt å hindra ei utbreidd spreiing av MRSA i den norske svinepopulasjonen. Dette er takka ein formidabel innsats frå bønder, styresmakter og faginstitusjoner, seier Anne Margrete Urdahl.

Aktuelle lenker: 
Nettmeldinga EFSA/ECDC – der kan ein sjølv lesa kommentarane dei gir
Nettmelding fra Folkehelseinstituttet
NORM NORM-VET - Siste rapport
Les meir om resultata frå MRSA-overvåkingen i 2017

Del artikkel