Øivind Øines har forsvara avhandlinga si, «Host selection and infection strategies in Caligus elongatus», for dr.scient.-graden ved Norges veterinærhøgskole i 2007.
Skottelusa, eit parasittisk krepsdyr, er utbreidd hos ulike arter villfisk langs norskekysten. Parasitten finst i store mengder på fisken rognkjeks, som no blir rekna for å vere ein av hovudvertane for parasitten. Rognkjeksa smitter også fleire typar oppdrettsfisk når ho kjem inn til kysten om våren.
Skottelusa Caligus elongatus er ein parasitt som kan finnast på huda til fisk. Ho kan lage sår i huda til verten, som i verste fall kan vere dødeleg for fisken. Skottelusa er funnen på meir enn 80 ulike fiskearter frå dei fleste verdshava. Ho infiserer også fisk i oppdrett, og har vorte rapportert i store mengder både i oppdrett av laksefisk og hos andre oppdrettsarter, som torsk og kveite.
– Ettersom skottelusa finst på så mange ulike nordatlantiske fiskearter, er det svært sannsynleg at ho kan smitte mellom villfisk og oppdrettsfisk. Dei genetiske undersøkingane våre av parasitten støttar også dette. Det er også sannsynleg at ho smittar mellom ulike fiskearter i oppdrett, seier Øivind Øines. 15 % av undersøkt villfisk var smitta av denne parasitten utanfor Arendal i perioden 2002–2004, som var området for feltstudia.
Øines har gjennom doktorgradsarbeidet utvikla genetiske verktøy for identifikasjon av desse parasittane og andre nærskylde parasittiske krepsdyr (copepodar), som kan vere svært like av utsjånad i delar av livssyklusen. Han fann to ulike genetiske variantar av skottelus på villfisken, som ser ut til å ha ulikt infeksjonsmønster hos villfisken.
Studia til Øines har synleggjort korleis både vill fisk og oppdrettsfisk blir smitta, og identifisert nokre av dei kanskje viktigaste smittekjeldene i havet.