Webinar om helse og velferd hos kameldyr

Veterinærinstituttet inviterer til eit kamelidewebinar over to påfølgjande onsdagar i mars 2026, den 18. mars og den 25. mars. Webinaret er tiltenkt veterinærar i praksis og forvalting.

Illustrasjonsbilde: Colourbox
Illustrasjonsbilde: Colourbox

Innhaldet kan vera av interesse både for deg som ofte er borti kameldyr som del av arbeidskvardagen, og deg som berre har interesse for å læra litt meir om eitt av våre meir eksotiske produksjonsdyr her til lands.

Første dagen handlar det mest om helse, medan dag to har større fokus på velferd. Me har funne dyktige, kunnskapsrike føredragshaldarar som skal losa oss gjennom begge dagane.

Webinaret er gratis, men det er krav om påmelding. 

→ Meld deg på webinaret her. 

Detaljert program for begge dagane:

 

18. MARS - DAG 1 - HELSE

 

Tid

Tema

Førelesar

12:00-12:05

Velkomen, praktisk informasjon

 

12:05-12:25

Listeførte sjukdomar – klinikk og konsekvensar

Veterinærinstituttet v/Michaela Falk

12:25-12:30

Spørsmål

 

12:30-12:50

Listeførte sjukdomar hos kamelidar- forvalting og utbrotshandtering

Mattilsynet v/Anne Døsen

12:50-12:55

Spørsmål

 

12:55-13:05

Beinstrekk og ein kopp med kaffi

 

13:05-13:45

Parasittutfordringar – resistens og klimaendringar

Veterinærinstituttet v/Rebecca Davidson

13:45-13:50

Spørsmål og avslutting

 

25. MARS - DAG 2- VELFERD

 

Tid

Tema

Førelesar

12:00

Velkomen, praktisk informasjon

 

12:05-12:50

Helseutfordringar hos kameldyr

Heike Köhler

12:50-12:55

Spørsmål

 

12:55-13:10

Beinstrekk og ny kopp med kaffi

 

13:10-13:30

Oppdrettarperspektivet - korleis er det å driva med kameldyr i Norge

Alpakkaforeningen v/ Britt Vangsnes og Line Werner Kolstad

13:30-13:35

Spørsmål

 

13:35-14:15

Velferd, tilsyn og miljøkrav ved hald av kameldyr

Veterinærinstituttet v/Lina Ahlén

14:15-14:20

Spørsmål

 

14:20-14:40

Forvalting og krav til god dyrevelferd hos kameldyr

Mattilsynet v/Hege Sunne Jensen

Hvor
Webinar
Når
18. mars 2026 kl. 12.00 - 25. mars 2026 kl. 14.40