Webinar om helse og velferd hos kalv

Veterinærinstituttets nasjonale kompetansesenter for produksjonsdyr ønskjer velkomen til kurs om helse og velferd hos kalv 18. og 19. april. 

Kurset rettar seg mot veterinærar i praksis og forvaltning, men er som vanleg ope for alle interesserte. Me gler oss til å tilby eit webinar med særskilt fokus på kalven, og som knyt saman praktisk sjukdomslære, diagnostikk og aktuell forsking på kalvehelse- og velferd.

Kurset blir teke opp og vil bli lagt ut på nettsidene våre for dei som ikkje får det med seg live, eller ønskjer ein repetisjon.

Klikk her for å delta på Teams →

Ta kontakt med Elisabeth Skatvedt Jordal ved spørsmål: Elisabeth.Skatvedt.Jordal@vetinst.no

Hvor
Digitalt
Når
18. april 2023 kl. 12.00 - 19. april 2023 kl. 14.45