Webinar om helse og velferd hos hest

13. mars frå kl. 10.00-14:45 arrangerer Veterinærinstituttet for første gong webinar om helse og velferd hos hest.

Kurset er meint for veterinærar i praksis og forvaltning, men er ope for alle interesserte. Helsedelen av kurset vil ha fokus på sjukdomen kverke både frå eit norsk og europeisk perspektiv, og under velferdsdelen vil haldvurdering, utandørshald og hovstell bli tematisert. Kurset blir teke opp og vil bli lagt ut her på nettsidene våre for dei som ikkje får det med seg live, eller ønskjer ein repetisjon.

Meld deg på her. Frist: 9. mars.

Du vil få ein e-post som stadfestar påmeldinga, og når kurset nærmar seg sender me ut lenke for deltaking til alle påmelde.

Tid Emne Føredragshaldar
10:00-10:05 Introduksjon Elisabeth S. Jordal, VI 
10:05-10:20 Kverke i Noreg Arvid Reiersen, VI
10:20-11:20 Strangles/Kverke Andrew Waller, Norvacc
11:20-11:30  Spørsmål og diskusjon Andrew Waller, Arvid Reiersen
11:30-12:00 Pause  
12:00-12:15 For tynn eller for feit? Cecilie Mejdell, VI
12:15-13:15 Utandørs hald av hest Cecilie Mejdell, VI
13:15-13:25 Spørsmål Cecilie Mejdell
13:25-13:30 Pause  
13:30-14:30 Hovstell Tone Wien, Hovhelseteamet
14:30-14:40 Spørsmål og diskusjon Tone Wien
14:40-14:45 Avslutning Elisabeth S. Jordal, VI

Hvor
Digitalt

Når
13. mars 2023, kl. 10.00 - 14.45