Kurs i veterinært beredskapsarbeid

Veterinærinstituttet inviterer til beredskapskurs våren 2026. Kurset er retta mot veterinærar i dyrehelseforvalting og i produksjonsdyrpraksis, og er lagt opp slik at både erfarne og nyutdanna veterinærar vil kunna ha nytte av kurset.

Fra obduksjonssalen på Veterinærinstituttet i Tromsø. Foto: Bryndis Holm
Fra obduksjonssalen på Veterinærinstituttet i Tromsø. Foto: Bryndis Holm

Kurset er todelt, med ein webinardel 8. april og fysisk kurs lunsj-til-lunsj 14.-15. april hos Veterinærinstituttet Tromsø.

Målet med kurset er å trena på korleis ein som veterinær førebur seg og handlar i ein beredskapssituasjon, og å hjelpa deltakarane til å bli trygge i beredskapsrolla.

Webinardelen gir ei innføring i beredskapsarbeid og rollefordeling ved utbrot av listeførte dyresjukdomar, samt eit oversyn over aktuelle sjukdomar på frammarsj og diagnostiske kriterier. Under det påfølgjande praktiske treningsopplegget i Tromsø vil deltakarane få øva praktisk på feltobduksjon og prøvetaking.

Ein feltobduksjon kan styrka eller svekkja mistanken om alvorleg smittsam dyresjukdom, avdekka dødsårsak, eller gi informasjon som er viktig for førebygging og behandling. Me vil derfor bruka tid på å gå gjennom vurdering av organfunn ved obduksjon, samt målretta prøveuttak og innsending. Deltakarane vil også få tørrtrena på avliving av produksjonsdyr. På den måten får ein, innanfor trygge rammar og god fagleg rettleiing, trena seg på fleire ulike prosedyrar som er sentrale ved eit alvorleg sjukdomsutbrot.

Etter gjennomført kursopplegg er målet at deltakarane har tileigna seg praktiske og teoretiske kunnskapar og evner for førebygging og handtering av smittsame dyresjukdomar, er blitt tryggare og meir rollemedvitne.

Inkludert i kurset er lunsj og kaffi under den fysiske delen av kurset, samt undervising og forbruksmateriell. Det er ikkje deltakaravgift på kurset, men reisekostnader og hotell må dekkjast av deltakar/arbeidsgjevar.

Påmelding gjeld begge kursdagane, det vil ikkje vera mogleg å melda seg på berre den eine dagen.

Frist for påmelding: 15. mars 2026!

NB! Ver tidleg ute! Det er plass til inntil 20 deltakarar på fysisk kurs, og dermed vil påmeldinga bli stengt etter dei 20 første påmelde, eller når påmeldingsfristen er passert.

→ Meld deg på kurset her. 
 

Program 8. april: Webinar - digitalt introduksjonskurs på Teams

TidspunktTemaAnsvarleg
10.00 - 10.10Velkommen og infoVeterinærinstituttet
10.10 -10.50 Generelt om beredskap i NoregVeterinærinstituttet
10:50- 11:10Kva kan VI bidra med i ein beredskapssituasjonVeterinærinstituttet, Mattilsynet
11:10-11:30Beredskap på garden - først på stadenMattilsynet
11:30-12:00Lunsj 
12.00 - 12:20Beredskapsarbeid i næringaAnimalia
12.20 - 12:50Samarbeid om beredskapVI - Mattilsynet - Animalia
12:50-13:00Diskusjon, spørsmål 
13:00-13:15Kaffipause 
13:15 - 13:35Sjukdomar på frammarsj - grisVI fagansvarleg (Carl Andreas Grøntvedt)
13:35-13:55Sjukdomar på frammarsj - småfeVI fagansvarleg (Annette Kampen)
13:55-14:15Sjukdomar på frammarsj - storfeVI fagansvarleg (Siv Meling)
14:15-14:35Sjukdomar på frammarsj - fjørfeVI fagansvarleg (Silje Granstad)
14:35-14:55Sjukdomar på frammarsj - reinVI fagansvarleg (Torill Mørk)
14:55-15:05Spørsmål 
15:05AvslutningVeterinærinstituttet

Førebels program 14.-15. april: Fysisk kurs i Tromsø

DAG 1Program
12:00-12:10Velkomen
12:10-12:25VI Tromsø og Reinhelsetjenesten

12:25-13:05

 

MKS scenario (Fylkes-ROS)

13:05-13:20Pause
13:20-13:50Obduksjon - førebuing og innslusing
13:50-15:00Obduksjon - avliving
15:00-15:10Pause
15:10-15:45Avslutning og diskusjon
  
DAG 2Program
09:00-09:10Velkommen
09:10-09:40Teori om feltobduksjon
09:40-09:50Pause
09:50-11:40Obduksjon - praktisk trening i feltobduksjon 
11:40-12:15Lunsj
12:15-13:00Handsaming av prøvar
13:00-13:15Avslutning, spørsmål og hjemreise
Hvor
Webinar (8. april) og Veterinærinstituttet i Tromsø
Når
14. april 2026 kl. 12.00 - 15. april 2026 kl. 13.15