Korleis jobbar vi for å hindre at fugleinfluensa blir den neste pandemien?
Det er stadig fleire påvisingar av fugleinfluensa hos pattedyr internasjonalt og i Noreg. Under Arendaluka arrangerer Veterinærinstituttet eit seminar der du får høgre korleis styresmaktene arbeider saman for å overvake situasjonen.
.jpg)
Kva skal til for at fugleinfluensa blir ein sjukdomstrussel for oss menneske? Og kan fugleinfluensaviruset forårsake ny pandemi?
Korleis kan vi oppdage og stoppe smitten før det er for seint? Følgjer vi godt nok med?
Fugleinfluensakoordinator ved Veterinærinstituttet Ragnhild Tønnessen set oss inn i det større biletet og fungerande smitteverndirektør ved Folkehelseinstituttet Preben Aavitsland belyser ei eventuell handtering av fugleinfluensasmitte frå dyr til menneske og korleis Noreg og verda jobbar for å vere godt rusta mot ein fugleinfluensapandemi. Bente Fjermestad-Eie frå Mattilsynet fortel meir om korleis vi handterer smitte hos enkeltdyr og større utbrot her i Noreg.
Medverksande:
Asle Haukaas - Kommunikasjonsdirektør, Veterinærinstituttet Ordstyrar
Gun Peggy Strømstad Knudsen - Administrerande direktør, Veterinærinstituttet
Ragnhild Tønnessen - Fugleinfluensakoordinator, Veterinærinstituttet
Grim Rømo - Fagansvarleg fjørfe, Veterinærinstituttet
Bente Fjermestad-Eie - Seniorgivar dyrehelse råd, Mattilsynet
Preben Aavitsland - Fungerande smitteverndirektør, Folkehelseinstituttet
- Hvor
- Studio Spornes, Tyholmen, Arendal
- Når
- 12. august 2025, kl. 10.00 - 11.30