Salmonella

Salmonella blir sjeldan påvist hos norske husdyr og i norskprodusert mat. Menneske kan bli sjuke av denne bakterien.

Salmonellose er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om salmonellose skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Bakteriar innan slekta Salmonella er årsak til sjukdommen salmonellose. Dei fleste av dei over 2500 ulike variantane av Salmonella kan gi sjukdom hos mange artar, inkludert husdyr og menneske. Det finst også friske smitteberarar som kan skilja ut bakterien utan å visa teikn til sjukdom.

Bakteriane blir skilde ut med avføring og smittar via ureina fôr, mat eller vatn, men også ved kontakt med infiserte dyr eller menneske med dårlig hygiene. Bakteriane kan overleva i fleire månader i organisk materiale, og under visse vilkår kan dei oppformeirast i fjøs og miljø.

Store mengder salmonellabakteriar kan skiljast ut ved sjukdom hos dyr, og infeksjonen kan spreiast raskt frå dyr til dyr i ein buskap.

Det er ikkje uvanleg at Salmonella smittar til husdyr via infisert fôr. Dert er ein risiko for at salmonellasmitte kan følge med ved innførsel av grôvfor frå andre land og at dyr som et fôret kan blir smitta. Nokre dyr blir sjuke, (til dømes ein del hundar), mens andre dyr, til dømes svin og storfe, viser få teikn på sjukdom. Desse variantane forsvinn dersom smittekjelda (fôret) blir fjerna.

Salmonella kan vekse godt i matvarer som blir lagra utan god nok kjøling. Bakteriane kan også overleva i lang tid i tørre matvarer, som til dømes krydder og sjokolade.

Menneske kan smittast med Salmonella via direkte kontakt med dyr eller via ureina mat. I dei siste åra er ein også blitt merksam på at menneske kan smitta dyr med Salmonella. Dette gjeld gjerne personar som er blitt infiserte i utlandet.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Vanlegaste symptom er diaré, men av og til kan ein sjå alvorlegare symptom, av og til dødsfall, spesielt hos unge, gamle eller svekka individ. Sjukdommen blir behandla med væsketilførsel og diett. Antibiotika blir som regel ikkje brukt.

Diagnostikk
Diagnostikken er basert på bakteriologisk dyrking frå eigna prøvemateriale og typing av påviste Salmonella.

Det er viktig å karakterisera isolata for å finne ut av sjukdomsutbrota og for å spora opp smittekjelder. Ein brukar metodar som fagtyping, undersøking av resistenseigenskapar og ulike molekylære metodar som pulsfelt-gelelektroforese (PFGE) og multi-lokus variansanalyse (MLVA) for å karakterisera Salmonella.

Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for Salmonella frå fôr, dyr og mat.

Førekomst

Salmonellabakteriar finst over heile verda, ofte hos symptomfrie smitteberande dyr og menneske. Det er sjeldan at norske husdyr er smitta med Salmonella. Ein kan finne friske smitteberarar av Salmonella Diarizonae serovar 61:k:1,5,7 hos sau og eksotiske krypdyr som skilpadder, øgler, og slangar er ofte berarar av Salmonella.

S. Typhimurium er noko utbreidd hos ville fuglar og piggsvin i Noreg, og desse dyra kan vera ei kjelde til salmonellainfeksjonar hos både andre dyr og menneske.

Førekomsten av Salmonella i storfe-, svine- og fjørfepopulasjonane er estimert til å vera under 0,3 %. I eit internasjonalt perspektiv er dette svært lågt. S. Typhimurium er den vanlegaste serovarianten. Molekylær typing (PFGE og MLVA) har vist at  denne bakterien isolert frå husdyr ofte er same varianten som hos vill småfugl.

Historia viser at salmonellavariantar som har vore relativt sjeldne brått aukar i betydning og blir dominerande som sjukdomsårsak hos ein eller fleire dyreartar. I løpet av dei siste åra har monofasiske S. Typhimurium blitt svært vanleg hos husdyr i Europa. I Noreg har ein sett nokre få tilfelle av denne varianten hos fleire dyreartar.

Overvakning

Norske styresmakter har sidan 1995 kontrollert mat, dyr og dyrefôr, og resultata viser at Salmonella er svært lite utbreidd hos husdyr, i mat og i fôr i Noreg, samanlikna med dei fleste andre land.

På grunn av denne dokumentasjonen kan Noreg krevja tilleggsgarantiar ved import av levande dyr eller relevante produkt frå EU og andre land.

Gå til overvåkningsprogrammet

Tiltak

Salmonellose er ein liste 2-sjukdom. Når bakterien blir påvist hos husdyr, blir det straks sett i verk tiltak for å fjerna smitten frå buskapen, for å hindra spreiing til andre buskapar og for å unngå ureining av produkt. Ein set også i gang tiltak for å finna årsak til smitten.

På grunn av grundig dokumentasjon på at Noreg har spesielt låg førekomst av Salmonella i storfe-, svin- og fjørfepopulasjonar, kan norske styresmakter krevja tilleggsgarantiar ved import av levande dyr og dyreprodukt frå EU.

Den kliniske overvakinga som skjer ved dagleg stell av husdyr er svært viktig. Den offisielle overvakinga testar berre eit lite utval av dyr, så den daglege kliniske overvakinga er viktig for å oppdaga nye tilfelle. Rask tilkalling av veterinær og prøvetaking av sjuke dyr er difor eit viktig bidrag til å halda ved lag vår gode salmonellastatus.

Når salmonella-smitte blir oppdaga, blir det straks sett i verk tiltak for å fjerna smitten og hindra spreiing. Undersøkingar blir også sette i gang for å finna årsak til smitten.

Aktuelle smitteførebyggjande tiltak i buskapar er smittesluse, varsemd ved innkjøp av dyr og tiltak for å halda fuglar, ville dyr, kattar og hundar ute av fjøs og fôrlager. Folk med diaré bør ikkje få tilgang til fjøs og fôrlager. Andre tiltak, som skilje mellom ulike aldersgrupper, og ulike hygienetiltak som reduserer smitterisikoen, er viktige for å hindra spreiing av smitte innan buskapen.

Det er ikkje lov å vaksinera dyr mot Salmonella i Noreg.

Verksemder som produserer fôr og mat har krav til eigne kontrollsystem for Salmonella.

Kontaktpersonar: 

Les siste nytt fra Veterinærinstituttet

 
Alle nyheter