Parvicapsulose

Sjukdommen parvicapsulose hos laks er forårsaka av parasitten Parvicapsula pseudobranchicola.

Parasitten har vore kjend frå oppdrett sidan 2002 og kan gi store tap av oppdrettslaks i sjøfasen, særleg i Troms og Finnmark. Det finst ikkje behandling eller profylaktiske tiltak mot parasitten.

Smittestoff og smittevegar

Parvicapsula pseudobranchicola er ein fleircella parasitt som tilhøyrer gruppa myxozoer (Myxozoa) og klassen Myxosporea, myxosporidier.  Desse parasittane har ein børstemark (uidentifisert) som hovudvert og fisk som mellomvert.

Myxosporea er, saman med Malacosporea, dei to hovudgruppene av Myxozoer- ei gruppe fleircella parasittiske organismar som er systematisk klassifisert som nesledyr (Cnidaria). Arter i Malacosporea har mosdyr som hovudvert, mens myxosporidiane har fåbørstemark eller børstemark som hovudvert. Fisk er som oftast mellomvert.

Fisken blir smitta ved at såkalla actinosporar blir slepte frå hovudverten (børstemark) og festar seg til mellomverten ved hjelp av polarfilament som blir skotne ut frå polkapslar i sporen, slik at sporoplasma kan trengja gjennom epidermis. Sporoplasma inneheld ei rekkje sekundærceller, og når sporoplasma sin cellevegg blir broten ned, kan desse sekundærcellene infisera nærliggjande vev.

Deretter oppformeirer parasitten seg ukjønna i dei infiserte cellene, og nye celler kan også infiserast. Dette blir kalla ekstrasporogoniske stadium av infeksjonen, som inneber ei oppformeiring, men at det ikkje blir danna sporar. Ein myxosporidie har ofte fleire ekstrasporogoniske stadium, og nye vev blir infiserte via infektive celler som sirkulerer i blodbana. Dette kan føra til at fleire typar vev kan infiserast og skadast.

Det endelege målet for infeksjonen i fisk er at det blir danna sporar som kan gå ut av fisken og infisera hovudverten. Organet der desse myxosporane blir danna kallast målorgan og for P. pseudobranchicola er målorganet pseudobrankiene, derav det latinske navnet. Myxosporane vil etter kvart fylle opp store delar av vevet og gjere stor skade.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Fisk med parvicapsulose er ofte anemiske og ein kan ofte sjå blødningar i auger, gulaktig belegg på pseudobrankiane, gul misfarga lever og patologiske endringar i lever og nyre.

Pseudobrankiane deltek i kontroll av ionejamvekta hos fisken og forsyner auget med oksygenrikt blod. Pseudobrankiane kan bli sterkt skada og i mange tilfelle heilt degenerert, noko som kan medføra redusert blod- og oksygentilgang til auget, som  igjen kan føre til nedsett syn eller blindskap.

I nokre tilfelle er dødelegheita stor hos fiskar med store makroskopiske endringar, mens i andre tilfelle overlever slik fisk utan problem. På den andre sida er det blitt registrert høg dødelegheit hos fisk med mindre tydelege makroskopiske endringar. Dødsfall på grunn av parvicapsulose skuldast difor truleg at ulike vev blir angripne og skada av parasitten. Anlegg med andre infeksjonar i tillegg til parvicapsulose vil truleg ha ein høgare dødelegheit.

Diagnostikk
Parvicapsula pseudobranchicola kan påvisast ved hjelp av histologi, først og fremst på materiale frå pseudobrankiar.  Parasitten kan også påvisast vha real-time PCR i til dømes nyreprøvar som tas ut til standard analyser. Anna vev som inneheld blod, inkludert pseudobrankien, kan også nyttast. Vev til biologisk gransking skal fikserast på formalin, mens vev til real-time PCR skal preserverast i RNA-later eller etanol (EtOH) utan tilsetjingsstoff.

Førekomst

Parasitten og sjukdommen er påvist hos både vår- og haustutsett av oppdretta laks, frå Hordaland til Finnmark. Dei viktigaste førekomstar er i anlegg i dei nordlegaste landsdelane,  og det er stort sett frå denne regionen det rapporterast om utbrot av parvicapsulose. Parasitten er og vanleg å finna i vill laks og aure langs heile den norske kysten og er og påvist i sjørøyr. Det kan vera smitte i sjøen i store deler av året, men nyare forsking tyder på at smittevindauget i Finnmark er får juni til desember, med ein topp i august til september.

Tiltak

Ein kjenner ikkje til spesielle tiltak som kan hindra parvicapsulose, men godt miljø og helsemessig robust fisk som er fri for andre sjukdommar kan redusera tapet ved parvicapsulose.