Vondarta beskjelersjuke (Dourine)

Vondarta beskjelersjuke er ein kjønnssjukdom hos hest og esel. Årsaka er ein eincella parasitt som gir betennelse og sår i kjønnsorgana. I tillegg kan parasitten føra til abort, haltheit og lammelse.

Vondarta beskjelersjuke er ein liste 1-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om sjukdommen skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til sjukdommen er ein protozo (eincella parasitt), Trypanosoma equiperdum. Dette er i hovudsak ein vevsparasitt som ikkje invaderer blodomlaupet, og skil seg frå andre trypanosomar ved at den blir overført utan hjelp av insekt (slik som sovesjuke).

Vondarta beskjelersjuke råkar berre hest og esel. Parasitten blir overført mellom hingst og hoppe ved paring. Parasitten finst i sædvæske, i eksudat (utsondringar) på penis og i forhud hos hingsten og i vaginalslim hos hoppa. Føl kan bli smitta under fødselen eller frå mjølk frå infiserte hopper.

Parasitten kan endra overflateproteina sine og på den måten unngå verten sitt immunforsvar. Den er følsam for miljøpåverknad og overlever berre i kort tid utanfor verten.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Utbrot skjer når infiserte dyr blir tekne inn i mottakelege populasjonar. Det kan ta frå ei veke til fleire månader før kliniske symptom viser seg. Ein infisert hingst kan difor smitta mange hopper før sjukdommen blir oppdaga.

Ikkje alle smitta hestar blir sjuke. Nokre dyr kan få milde og symptomfrie (subkliniske) infeksjonar.

Dei første teikna på infeksjon er slimete utflod frå skjeden eller urinrøyret. Deretter utviklar det seg ødem i genitalregionen.

Hos hopper breier ødemet seg frå kjønnsopninga ned mot spenane og framover under buken mot frambeina. Hos hingsten ser ein ødem i penis, forhud og pung (scrotum) og huda rundt, og etter kvart framover under buken. Sår i slimhinnene i kjønnsorgana kan føra til sekundære bakterieinfeksjonar. Regionale lymfeknutar er forstørra. Drektige hopper kan abortera.

Infiserte hestar har nedsett allmenntilstand og blir anemiske. Etter nokre veker kan urticarialiknande (elveblestliknande) hevelsar, 2-5 cm i diameter påvisast på kroppen, særleg i flankane. Desse brest og utviklar seg til væskande sår. Slike endringar er karakteristiske for vondarta beskjelersjuke.

Dyra blir etter kvart svake og halte på det eine eller begge bakbein. Endringar i sentralnervesystemet fører til dårleg rørslekontroll, lammelsar og ustø gange. Sjuke hestar kan døy 1-12 månader etter at kliniske symptom er påviste.

Diagnostikk

Diagnosen blir stilt på grunnlag av kliniske symptom og verifisert ved laboratoriegransking.

Serologisk undersøking av blod ved bruk av komplementbindingstest (CFT) er tilrådd metode. Denne metoden kan gi krossreaksjon på to andre trypanosomar (T. evansi og T. brucei), men desse finst ikkje i tempererte strok.

Indirekte fluorescensmetode (IFAT) blir brukt når ein vil bekrefta eit CFT-resultat. Det er også utvikla molekylære metodar.

Trypanosoma equiperdum er så stor (25-28 µm) at den kan påvisast ved direkte mikroskopi. Ein kan difor samla inn materiale som eksudat frå vagina eller forhud, sentrifugera og undersøkja preparatet i mikroskop, men dette blir vurdert til å vera ein usikker metode. Ein har også brukt inokulasjon på kanin i diagnostikken.

Dei kliniske teikna på vondarta beskjelersjuke er karakteristiske, men dei makroskopiske endringane ved obduksjon er ikkje spesifikke. Anemi og hudendringar i vevet rundt kjønnsorgana/perineum og i den ventrale bukveggen kan påvisast. Ein kan finna opphoping av væske i lungesekken, hjarteposen og i bukhola. Slimhinnene i urogenitalregionen er betente og kan ha ulcera (sår).

Veterinærinstituttet utfører ikkje laboratoriediagnostikk på denne sjukdommen, men vil vidaresenda prøvemateriale (fullblod/serum) til laboratorium i utlandet.

Førekomst

Vondarta beskjelersjuke er utbreidd i delar av Sør-Amerika, Afrika, Midt-Austen og Asia, og fanst tidlegare i store delar av Europa, men sjukdommen finst no berre i søraustlege område av verdsdelen. Sjukdommen er også påvist i USA, men har aldri vore påvist i Noreg og Sverige.

Tiltak

Vondarta beskjelersjuke er ein liste 1-sjukdom, og smitta dyr vil bli avliva.