Munn- og klauvsjuke (MKS)

Munn- og klauvsjuke (MKS) er ein svært smittsam virussjukdom som råkar klauvdyr, særleg drøvtyggjarar og grisar. MKS er ein liste 1-sjukdom, og førekomst av eller mistanke skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Bilde av tunge.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til MKS er eit aphthovirus, eit RNA-virus i familien Picornaviridae. Viruset er delt inn i sju serotypar.

Storfe, småfe og svin er mottakelege for MKS-virus. Det same gjeld tamrein og dei fleste viltlevande klauvdyr, som rådyr, dåhjort, hjort, antilope, bøffel og andre.

MKS er svært smittsamt. Den vanlegaste smittevegen er direkte kontakt mellom infiserte og mottakelege dyr. Produkt som mjølk, ulike slakteprodukt og sæd frå viremiske dyr inneheld MKS-virus. I reint kjøt, der pH-verdien fell som følgje av naturlege prosessar etter slakting, vert viruset raskt inaktivert. Reiskapar, transportmiddel og menneske eller klede som har vore i kontakt med infiserte dyr eller smitteførande produkt, kan overføra smitte til mottakelege dyr i nye buskapar eller område. Tankbilar som samlar inn mjølk, vert rekna som særleg smittefarlege fordi tapping av mjølk lett kan danna aerosolar som inneheld virus.

Luftboren smitte med MKS-virus over store avstandar, opptil 250 km, er dokumentert ved fleire utbrot i Nord-Europa. Slik smittespreiing skjer oftast i samband med utbrot i store svinebuskapar, då svin kan skilja ut store mengder virus til omgjevnadene.

Det finst varierande opplysningar om kor lenge MKS-viruset kan helde seg aktivt utanfor vertsdyr. I fuktige og kjølige miljø kan viruset overleve i fleire månader. Viruset vert derimot raskt inaktivert ved pH-verdiar under 6 eller over 11, samt ved temperaturar over 70 °C. Uttørking og eksponering for sollys fører òg til rask inaktivering av viruset.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Munn- og klauvsjuke kjenneteiknast av feber, nedsett allmenntilstand, auka spyttsekresjon samt utvikling av væskefylte blærer og sår i munnhola, på mule eller tryne, i huda kring klauvene og på jur og spenar. Sjukdommen råkar mange dyr i ein buskap, men dødelegheita er som regel låg.

Hos storfe er inkubasjonstida vanlegvis 2-6 dagar frå smitta til dei første kliniske teikna vert observert. Dei første teikna er ofte redusert mjølkeproduksjonen, feber og påverka allmenntilstand med nedsett matlyst. Etter kvart utviklar dyra blærar, vanlegvis 1-2 cm i diameter, i munnslimhinna, særleg på tunga, ganen og innsida av kinna, samt på beina. Blærene har tynne vegger, inneheld strågul væske og sprekk vanlegvis innan 24 timar. Dette etterlet smertefulle sår, og dyra får kraftig spyttsekresjon. Dyra vert ømme i beina, haltar og legg seg helst ned. I ukompliserte tilfelle skjer tilfriskning innan 2-3 veker.

Hos enkelte dyr kan det oppstå alvorlege komplikasjonar i form av sekundære bakterielle infeksjonar i  jur og klauver. Hos unge kalvar kan dødelegheita vere høg som følje av betennelse i hjartemuskulaturen.

Hos småfe er symptoma ofte mindre tydelege, og infeksjonen kan gå utan kliniske teikn, og dermed kan sjukdommen lett bli oversett. Blærer i munnen opptrer oftast i ganen. Betennelse i klauvene og halte dyr dei vanlegaste sjukdomsteikna hos småfe.

Dei hyppigaste kliniske forandringane hos gris er halte dyr på grunn av betennelse i klauvranda, med danning av blærer og sår. Det kan og førekome små blærer på jur og tryneskive.

MKS kan i svært sjeldne tilfelle smitte menneske, men sjukdommen gir som regel  milde symptom hos menneske og vert ikkje rekna som ein zoonose.

Diagnostikk

Diagnosen MKS vert stilt ved påvising av MKS-virus i prøvemateriale, fortrinnsvis frå blærevegg eller blæreinnhald frå dyr i akutt sjukdomsfase. Påvisinga skjer vanlegvis ved PCR-undersøking. 

Differensialdiagnosar

Fleire virussjukdommar kan gi liknande blæredanning og kliniske teikn som liknar MKS. Hos storfe er dei viktigaste differensialdiagnosane  vesikulær stomatitt, blåtunge, bovin virusdiaré/mucosal disease (BVD/MD) og ondarta katarrfeber. Hos småfe kan særleg munnskurv og fotròte forvekslast med MKS, medan ein hos svin mellom anna må vurdere vesikulær stomatitt, smittsamt blæreutlett (SVD) og haltheit av ulike årsaker

Førekomst

Noreg er fritt for MKS og har vore det sidan 1952.

MKS finst i delar av Afrika, Midtausten og  Asia, medan store delar av Amerika, Europa og Oseania er offisielt frie for sjukdommen. MKS kan likevel førekomme sporadisk i område som vanlegvis er frie.

Europa er i hovudsak fritt for MKS, men det har vore fleire utbrot dei siste åra. I januar 2025 vart MKS påvist hos vassbøffel  i Tyskland, i  mars hos mjølkeku i Ungarn og kort tid etter i Slovakia nær grensa til Ungarn. I 2026 vart sjukdommen påvist på Kypros og i Hellas, som no har mista statusen som frie for sjukdommen.

Tiltak

MKS er ein liste 1-sjukdom, med varslingsplikt til Mattilsynet. Ved mistanke om MKS vert den aktuelle buskapen straks sett under strengt offentleg tilsyn, og det vert teke ut prøver til laboratorieundersøking. Buskapar som har hatt kontakt med den mistenkte buskapen, vert òg sette under offentleg tilsyn fram til resultata frå laboratorieundersøkingane ligg føre.

Ved påvist MKS vil smitta buskap som regel bli avliva og destruert. Samstundes vert det sett i verk omfattande offentleg tiltak i område kring utbrotet. Rundt den smitta buskapen vert det etablert ei vernesone med ein radius på 3 km og ei overvåkingssone med ein radius på minst 10 km rundt utbrotet. I sonene vert det innført restriksjonar på mellom anna flytting av dyr og andre aktivitetar som kan bidra til smittespreiing.

Det finst vaksinar mot MKS, og vaksinasjon kan nyttast som ein del av bekjempinga dersom sjukdomssituasjonen tilseier det. Vaksinasjon kan redusere sjukdom og smittespreiing, men hindrar ikkje nødvendigvis at vaksinert dyr blir infiserte. Eventuell vaksinasjon vil bli vurdert av styresmaktene ut frå den aktuelle sjukdomssituasjonen.

Kontaktpersonar

Siv Meling

Siv Meling

Fagansvarlig biosikkerhet og forebyggende helsearbeid hos produksjonsdyr, veterinær
Carl Andreas Grøntvedt

Carl Andreas Grøntvedt

Fagansvarlig for svin, veterinær

Les siste nytt fra Veterinærinstituttet

Alle nyheter