Leptospirose
Leptospirose er ein sjukdom som kan råka ulike dyreartar og menneske. Sjukdommen kjem av bakteriar i slekta Leptospira.
Smittestoff og smittevegar
Det finst fleire variantar av bakteriene Leptospira-slekta. Dei ulike variantane har ulike dyreartar som hovudreservoar, men dei kan likevel smitte mellom ulike dyreartar og til menneske.
Leptospirose hos dyr er ein liste 2- eller liste 3-sjukdom, alt etter kva variant av bakterien som blir påvist. Mistanke om og påvisning av leptospirose hos dyr skal meldast til Mattilsynet.
Aktuelle variantar av Leptospira-bakterier
Liste 2-sjukdom
· Leptospira canicola (hund)
· Leptospira pomona og L. australis (svin)
· Leptospira sejroe (storfe)
Liste 3-sjukdom
· Alle Leptospira spp som ikke er nevnt under liste 2-sjukdom.
Bakteriene blir skilt ut med urin frå sjuke dyr og kan smitta ved kontakt med slimhinner, til dømes i auge, nase og munn, og gjennom rifter og sår i huda. Menneske blir oftast smitta ved kontakt med vatn som er forureina med dyrs urin, til dømes kloakkvatn, flomvatn og badevatn. Bakteriene kan også smitta direkte frå dyr til menneske. Les meir om leptospirose hos menneske hos Folkehelseinstituttet.
Sjukdomsteikn og diagnostikk
Vanlege kliniske teikn hos hund med akutt leptospirose er raskt innsettande feber, symptom på nyre- og eller leverskade, oppkast og diaré. I nokre tilfelle kan det oppstå blødningar, til dømes i slimhinner i munnen. Hos andre husdyr og ville dyr kan bakterien vera årsak til reproduksjonsproblem som omløp, abort og daudfødde og svaktfødde individ. Dyr kan vere berarar av leptospirosesmitte utan å vise teikn på sjukdom.
Leptospirose er sjeldan årsak til sjukdom hos menneske i Noreg. Hos menneske er symptoma til vanleg influensaliknande, men hjernehinnebetennelse, lever- og nyresvikt kan førekoma.
Diagnostikk
Diagnostikk av leptospirose kan vera utfordrande. Det er sjeldan nok med éin prøve for å stille diagnosen. Ein skiller mellom påvisning av antistoff og påvisning av bakterier (bakteriearvestoff).
Påvisning av antistoff (mot Leptospira-bakteriar)
Ved mistanke om leptospirose anbefales uttak av blodprøvar som undersøkes med omsyn til antistoff mot aktuelle variantar av bakterien. Ein bør ta ein prøve i akuttfasen av sjukdommen og ein ny prøve etter omlag 14 dagar, sidan det tar tid å utvikle antistoff. Antistoffundersøkelse er den einaste metoden for å påvise kva slags variant av leptospira som forårsaker sjukdom, og dermed stadfeste om det er påvist listeført sjukdom eller ei.
Påvisning av (Leptospira-)bakteria
I tillegg til blodprøver for antistoffundersøkelse kan arvestoff frå Leptospira-bakteriar påvises med PCR-undersøking av blod, urin eller vevsprøver. Et negativt PCR-resultat gjer ikkje grunnlag for å avkrefte leptospirosemistanke.
Leptospirer kan også påvisast ved dyrking på spesielle næringsmedium. Bakterien kan og påvisast direkte i prøvematerialet ved mikroskopi og bruk av immunteknikkar eller molekylærbiologiske metodar, men PCR-diagnostikk har i stor grad erstatta desse metodane.
Hurtigtester kan ikkje erstatte laboratorietestar, sidan slike testar oftare gir falske positive og falske negative resultat.
Førekomst
Leptospirose finst i alle kontinent i verda, og førekomsten av sjukdommen er aukande. Sjukdommen er blitt meir aktuell i Noreg sidan fleire reiser med hund til land med endemisk førekomst av leptospirose, og særleg om ein importerer hundar. Dei siste åra har smitte og blitt påvist hos hundar som berre har opphalde seg i Noreg.
Bakterien finst i norsk fauna, truleg med rotte som hovudvert, og dette kan vera ei smittekjelde for hund. I ei undersøking av blodprøvar frå raudrev var ca. 10 % av prøvane positive for antistoff mot ein underart av L. interrogans.
Leptospirose kan finnast hos husdyr, ville dyr og menneske i heile verda, men er vanlegast i land med tropisk og temperert klima.
Tiltak
Leptospirose er ein listeført sjukdom hos dyr i Noreg, og førekomst av eller mistanke om leptospirose skal straks meldast til Mattilsynet.
Dersom ein planlegg ferie med hund til land eller område med høg forekomst av leptospirose, særleg om hunden skal opphalde seg i skog og mark, bør ein vaksinera hunden mot leptospirose. Elles er det viktig å unngå kontakt med dammar med stilleståande vatn då desse kan vera ureina med leptospirer frå gnagarar i området.