Koksidiose hos gris

Den vanlegaste og viktigaste årsaka til tarmkoksidiose hos gris er koksidiearta Cystoisospora suis (tidlegare Isospora suis), som gir diarésjukdom særleg i andre til tredje leveveke. Sjukdomen rammar gjerne breitt og gir totalt høg morbiditet, men dersom grisene er smitta med C. suis utan kompliserande faktorar og ko-infeksjonar er mortaliteten vanlegvis låg.

Smittestoff og smittevegar

Koksidiose hos smågris er i all hovudsak forårsaka av tarmparasitten Cystoisospora suis. Ulike artar i slekta Eimeria førekjem også, men er sjeldnare i Noreg og ser ut til å ha liten klinisk relevans. Både C. suis og dei ulike Eimeria-artene hos gris er artsspesifikke, og smitte skjer ved oralt inntak av sporulerte oocyster frå miljøet. Oocystene stammar vanlegvis frå andre spedgrisar frå tidlegare kull i same binge, eller frå andre kull i fødeavdelinga. Enkelte gonger kan kullsysken også smitta kvarandre.

Etter inntak utviklar C. suis seg intracellulært i epitelceller på tarmtottane i bakre del av tynntarmen, og har ei prepatenstid på 5-7 dagar før den smitta grisen tek til å skilja ut oocyster i avføringa. Etter at grisen har byrja skilja ut oocyster, held han fram med det i 5-16 dagar. Oocystene er ikkje infektive ved utskiljing, men sporulerer og blir infektive etter 1-2 dagar under optimale temperaturforhold (25-30°C).

Hos utegris kan tarmkoksidiar potensielt skapa store problem dersom smågris blir slepte på utekveer der det har gått gris året før, fordi miljøet kan vera utsmitta av overvintra oocyster.

Gjennomgått infeksjon gir god og langvarig immunitet, slik at ny smitte seinare ikkje gir kliniske symptom eller utskiljing av egg. Det er også ein aldersresistens, som gjer at grisar ved stigande alder blir stadig mindre mottakelege for infeksjonar, uavhengig av immunstatus.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Infeksjon med C. suis fører til diaré, særleg hos spedgris som blir smitta i løpet av dei to fyrste levevekene. Diaréen kan arta seg ulikt kva gjeld utvikling, farge og konsistens, men det mest typiske i den tidlege fasen av infeksjonen er avføring med lysegul farge og feittete eller kremliknande konsistens. I besetningar med høgt smittepress blir diaréen etter eit par dagar ofte meir vassen og tyntflytande med ein brun til gråbrun farge. Det er ikkje blod i diaré forårsaka av C. suis åleine, men dersom andre agens er innblanda i tillegg kan dette vera ein del av sjukdomsbiletet.

Diaréen varar gjerne i 2-5 dagar, men kan hos enkelte grisar bli meir langvarig. Diarésjukdomen gjer smågrisen dehydrert, og resulterer i nedsett tilvekst eller endåtil vekttap. Mange av dei som vert råka av sjukdomen får eit bustete hårlag, og låra er ofte dekte med avføring. C. suis har høg morbiditet, og det er sjeldan at symptoma berre er synlege hos enkeltindivid, sjølv om det varierer med alder og mellom ulike kull. Dødsfall på grunn av C. suis er sjeldne, men blir hyppigare dersom infeksjonen blir komplisert av enteropatogene bakteriar eller virus.  

Vanlege obduksjonsfunn er dehydrering og tynt, gulfarga innhald i heile tarmen. Tarmslimhinna er gjerne dekt med ein tynn, gråleg pseudomembran. Den intracellulære utvikinga fører til øydeleggjing av epitelceller og skadar på slimhinna i jejunum og ileum, som er synleg ved histologisk undersøking, der ein også kan sjå sjølve parasitten intracellulært. Ved utstryks- eller avtrykkspreparat frå slimhinna kan ein også finna ulike utviklingsstadium av C. suis.   

Hos levande gris vert diagnosen stilt på grunnlag av besetningshistorikk og kliniske funn, saman med påvising av 21 x 18 µm store oocyster i avføringa ved hjelp av ein flotasjonsteknikk. Kvar sporulerte Cystoisospora-oocyste inneheld to sporocyster, kvar med fire sporozoitar. Til forskjell har Eimeria-oocyster fire sporocyster med to sporozoitar i kvar.

Ved mistanke om koksidiose skal det sendast inn avføring frå 1-4 veker gamle grisar i minst 5 bingar. Det bør tas ein samleprøve frå kvar binge som består av minst 5 ulike avføringsklattar. Utskiljing av oocyster kan variera frå dag til dag, og kjem ofte ei tid etter at diaréen starta. Det beste prøvematerialet oppnår ein dermed ved å prøveta i bingar der det er observert diaré, og der denne har vart ved i 1-2 dagar.

Førekomst

Cystoisospora suis har verdsvid distribusjon, og vart fyrste gong påvist i Noreg i 1987. Ei undersøking frå 2006 indikerte at grisar i over 80% av dei 105 undersøkte besetningane var smitta med parasitten. Parasitten ser ikkje ut til å vera eit vesentleg problem i den norske svinepopulasjonen, men utbrot førekjem og kan føra til produksjonstap på grunn av redusert tilvekst.

Sjukdomen er ikkje meldepliktig.

Tiltak

God hygiene er avgjerande for å redusera førekomsten av tarmkoksidiose hos spedgris. Dette sikrar ein ved godt dagleg reinhald og bruk av rikeleg med strø. Mellom kvart innsett i fødeavdelinga skal det gjerast grundig reint, helst med varmt vatn til slutt. For å unngå å dra med seg smitte på klede og reiskaper, er det tilrådd å starta det daglege stellet hos dei yngste kulla først. Det bør i tillegg etablerast gode rutinar for å ta hand om skadedyr, som mus, rotter og fluger, som kan fungera som mekaniske vektorar. I besetningar der det har vore påvist koksidiar vil ein ha god effekt av førebyggjande behandling av 4 dagar gamal spedgris med toltrazuril. Derimot vil det ha liten effekt å behandla allereie sjuke grisar, ut over støttebehandling med elektrolyttar og behandling av eventuelle sekundærinfeksjonar.