Infeksiøs bronkitt

Infeksiøs bronkitt (IB) er ein svært smittsam virussjukdom hos høns. Sjukdommen råkar først og fremst luftvegane, men kan også føre til nyreskade og problem med eggproduksjon og eggkvalitet.

IB er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om IB skal straks meldast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

IB blir forårsaka av infeksiøst bronkittvirus (IBV), eit gammacoronavirus. Viruset finst over heile verda og det finst mange ulike variantar. Nye variantar kan oppstå gjennom både mutasjonar og rekombinasjon, og ulike variantar kan sirkulere samtidig i same område. Ulike antigeniske typar av IBV gir ikkje nødvendigvis god kryssbeskyttelse, noko som gjer kontroll av sjukdommen utfordrande.

IBV blir skilt ut frå luftvegane og gjennom avføringa hos smitta fuglar. Viruset spreier seg svært raskt i ein flokk og kan overførast direkte mellom fuglar eller indirekte via luft, forureina fôr og vatn, personar, klede, utstyr og andre gjenstandar. Luftboren smitte kan under gunstige forhold spreie virus over større avstandar.

Inkubasjonstida er kort, vanlegvis om lag 1–2 døgn. Fuglar kan skilje ut virus i fleire veker etter infeksjon, og viruset kan også skiljast ut av fuglar som er vaksinerte med levande vaksine.

IBV blir ikkje rekna for å bli spreidd vertikalt gjennom egget. Egg kan likevel bli forureina på overflata og dermed bidra til smittespreiing.

Kor alvorleg sjukdommen blir, og kva organsystem som blir råka, avheng mellom anna av virusstamme, alder og immunstatus hos fuglane og miljøforhold som ventilasjon, temperatur og andre driftsforhold. Samtidig infeksjon med bakteriar som Escherichia coli og mykoplasmar kan forverre sjukdommen.

Sjukdommen er utbreidd hos hobbyfjørfe i Noreg, og hobbyhøns er truleg eit viktig smittereservoar.

Sjukdomsteikn

IBV kan gi sjukdom hos høns i alle aldrar, men sjukdomsbildet varierer med alder og virusvariant.

Hos unge kyllingar er luftvegsteikn mest framtredande. Fuglane kan få nysing, hoste, ralling og tung pust, samt flod frå nase og auge. Dei kan bli slappe, ete mindre og få redusert tilvekst. Sekundære bakterieinfeksjonar kan føre til alvorlegare sjukdom og auka dødelegheit. Hos unghøner er luftvegsteikna ofte mildare enn hos unge kyllingar.

Nokre IBV-stammar kan gi nyreskade. Fuglane kan då bli slappe og få rufsete fjørdrakt, våt avføring, auka tørste og auka dødelegheit. Ved obduksjon kan nyrene vere forstørra og bleike, med uratavleiringar i nyrevev, nyretubuli og urinleiarar.

Infeksjon hos svært unge kyllingar kan i enkelte tilfelle føre til varige skadar i eggleiaren. Dette kan føre til at hønene seinare ikkje klarer å verpe normalt, såkalla false layer-syndrom.

Hos verpehøns kan IB føre til eit kraftig fall i eggproduksjonen, i enkelte utbrot på opptil 50–70 prosent. Eggkvaliteten kan også bli redusert. Ein kan sjå tynne, mjuke, ruglete eller ujamne skal, bleike eller misforma egg, mindre egg, skalause eller såkalla hinnedekte egg og tyntflytande og vassaktig eggekvite. Vaksne høner kan også få milde luftvegsteikn.

Eggproduksjonen og eggkvaliteten kan gradvis ta seg opp igjen, men det kan ta fleire veker og i enkelte tilfelle opptil åtte veker. 

Det finst fleire andre sjukdommar som kan gi fall i eggproduksjon og endringar i eggkvalitet, mellom anna Newcastle disease og Egg Drop Syndrome (EDS-76). Laboratoriediagnostikk er derfor viktig for å stille sikker diagnose.

Diagnostikk

IB kan diagnostiserast ved å påvise IBV ved hjelp av molekylærbiologiske metodar, og viruset kan typast genetisk ved sekvensering. Prøver frå luftvegane, tarm, blindtarmtonsillar og eventuelt nyrevev kan brukast til viruspåvisning.

Antistoff mot IBV kan påvisast i blodprøver med mellom anna ELISA eller hemagglutinasjonshemmingstest (HI).

Førekomst

IB finst over heile verda og er vidt utbreidd hos tamhøns. Det finst mange ulike variantar av IBV, og kva variantar som sirkulerer, varierer mellom land og regionar.

I Noreg er IB-virus med jamne mellomrom påvist hos hobbyhøns. Det har også vore sporadiske og enkeltståande utbrot i kommersielle fjørfeflokkar, sist hos importerte slaktekyllingforeldredyr i 2018.

Det var fleire utbrot av IB i Sverige på 1990-talet. Ein byrja på grunn av desse utbrota å vaksinera kommersielle avlsflokkar, unghøns og nokre verpehønsflokkar mot IB. Viruset er også utbreidd i Danmark, og IB kontrollerast med vaksinering. IB var uvanleg i kommersielle flokkar i Finland fram til 2023. Då spreidde IB-viruset seg raskt gjennom store delar av den finske fjørfeindustrien, noko som førte til alvorleg sjukdom og store produksjonstap. Som følge av dette vart vaksinering innført i Finland same år.

I fleire europeiske land er IB eit viktig problem i kommersielt fjørfehald, og sjukdommen blir kontrollert mellom anna gjennom vaksinering. Nye variantar av IBV blir jamleg påvist, og overvaking av kva variantar som sirkulerer lokalt er derfor viktig.

Sjukdommen betyr mykje økonomisk for det kommersielle hønsehaldet, også i land som vaksinerer for å kontrollera sjukdommen.

IB-virus gir ikkje sjukdom hos menneske.

Tiltak

IB er ein liste 2-sjukdom. Førebygging av IB i fjørfeflokkar byggjer på gode smittevernrutinar og på å hindre kontakt med smitta fuglar og forureina utstyr og personar. For kommersielle flokkar er det særleg viktig å hindre kontakt med hobbyfjørfe og andre potensielle smittekjelder.

Vaksinar mot IB inneheld levande, svekka eller inaktiverte virus. Det finst mange ulike variantar av IBV, og vaksinasjon mot éin variant gir ikkje nødvendigvis god beskyttelse mot andre variantar. Val av vaksine må derfor ta omsyn til kva virusvariantar som sirkulerer i området.

I Noreg har ein til no ikkje teke i bruk vaksinering mot IB i kommersielt fjørfehald. Dette heng saman med at sjukdommen til nå sjeldan blir påvist i kommersielle flokkar.

Kontaktpersonar:

Silje Granstad

Silje Granstad

Forsker, fagansvarlig fjørfe
Grim Rømo

Grim Rømo

Fagansvarlig fjørfe
Alle ansatte

Akutelle vann- og landdyr

Aktuelle fagområder