Flavobacterium psychrophilum 

Bakterien Flavobacterium psychrophilum er årsak til sjukdom hos laksefisk i fersk- og brakkvatn, og regnbogeaure (Oncorhynchus mykiss) er rekna for å vera ein særleg mottakeleg art.

Systemisk infeksjon med F. psychrophilum hos regnbogeaure er listeført i Noreg (kategori F), og førekomst av eller mistanke om slik sjukdom skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Flavobacterium psychrophilum høyrer til i bakterieslekta Flavobacterium som inneheld gulpigmenterte, lange og glidande stavbakteriar. Bakterien treng spesielle vekstmedium og veks seint i laboratoriet (3-6 dagar). Bakterien kan delast inn i fleire biotypar, serotypar og genotypar, basert på ulike eigenskapar og arvematerialet (DNA).

Evne til å framkalla sjukdom varierer mellom ulike stammer av bakterien og kor mottakeleg verten er. Ved sjukdomsutbrot hos laks og brun aure er det større variasjon hos bakteriestammene som blir assosiert med sjuk fisk. I Noreg er dette andre typar enn dei som er påviste hos regnbogeaure.

Ved utbrot blir bakterien overført horisontalt frå fisk til fisk. Under norske tilhøve går ein ut frå at bakterien også kan smitta mellom fisk i sjøvatn i øvre vasslag med låg salinitet.

Vertikal overføring frå foreldre til avkom kan ikkje utelukkast sidan bakterien er funne i både ho- og hannlege kjønnsprodukt, og forsøk har vist at kolonisering av augnerogn med bakterien har gitt sjukdom hos yngelen. I tillegg er det i fleire land og geografiske område vist at ei og same gruppe av stammer av F. psychrophilum som er i nær slekt, er knytt til sjukdomsutbrot hos regnbogeaure. Det epidemiologiske biletet ved utbrot av sjukdommen støttar også dette.

Bakterien har evne til å danna biofilm, noko som gjer at den kan overleva lenge i miljøet.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Sjukdommen bakterien er årsak til, er blitt kalla Bacterial Cold Water Disease (BCWD) og Rainbow Trout Fry Syndrome (RTFS).

Hos regnbogeaureyngel kan ein sjå dårleg matlyst, spiralsymjing og sviming i overflata. Det er ikkje uvanleg med ein kort krampefase før døden. Fisken har stor buk, og sjuk fisk kan i starten verka mørk, for så seinare å bli lysare pga. anemi og/eller ødemtendens. Ein kan av og til sjå milten gjennom bukveggen som ein raud flekk. «Helikopterhalar» er registrert i populasjonar som har gjennomgått kliniske utbrot av RTFS i Noreg.

Hos større fisk er det vanlegare med hudlesjonar som blodige «byllar», opne sår og finneråte. Væske i buk og anemi er vanlege observasjonar.

Diagnostikk
Ved Veterinærinstituttet blir sjukdomsdiagnosen stilt ved hjelp av sjukehistorie, patologiske og mikrobiologiske undersøkingar. Diagnosen blir bekrefta ved dyrking og identifisering av bakterien.

Funn av typiske mikroskopiske vevsendringar (histopatologi), påvising av bakterielle antigener i vev ved hjelp av immunologisk metodikk (immunhistokjemi) og/eller positive PCR analyser utløyser mistanke og støtter diagnosen.

Ved gransking av vevsbitar i lysmikroskop er typiske funn nekrose og blodstuving i milten. Miltkapselen kan vera erstatta av eosinofilt materiale og/eller granulasjonsvev. Fisken kan ha hjartesekk- og hjartemuskelbetennelse med varierande førekomst av polymorfkjerna leukocyttar. Lange, slanke bakteriar kan påvisast i samband med patologiske endringar.

F. psychrophilum er ein strikt aerob, gul, Gram-negativ, lang, trådforma bakterie som veks på spesialmedium. Identifikasjon av bakterien baserer seg på fenotypiske karakteristika og identifisering ved hjelp av massespektrometri (MALDI_TOF_MS) og/eller sekvensering av DNA (arvemateriale). Ein kvantitativ molekylærbiologisk metode (rtPCR) er under evaluering.

Det er vanleg å genotype F. psychrophilum ved Veterinærinstituttet ved hjelp av MLST (multilocus seksvenstyping).

 

Førekomst

F. psychrophilum er fyrst og fremst årsak til sjukdom hos laksefisk i ferskvatn, men er også påvist hos andre artar. Av laksefisk er regnbogeaure (Oncorhynchus mykiss) og sølvlaks (Oncorhynchus kisutch) rekna for å vera spesielt mottakelege artar. I tillegg er sjukdom hos ayu (Plecoglossus altivelis) identifisert som eit problem i japansk oppdrett.

I Noreg har sjukdomsproblem assosiert med denne bakterien variert frå år til år. I 2008 oppstod ein avgrensa, men alvorleg epidemi med høg dødsrate hos regnbogeaure i fleire setjefiskanlegg. I seinare år har det vore få påvisingar hos regnbogeaure i setjefiskfasen. Derimot ser det ut til at sjukdommen har etablert seg hos regnbogeaure etter sjøsetting i eit fjordsystem på Vestlandet.

Bakterien blir regelmessig isolert frå aure (Salmo trutta) og laks (Salmo salar) i kultiveringsanlegg og kommersielle setjefiskanlegg i samband med sår og finneråte. Systemisk infeksjon (infeksjon i indre organ) er blitt påvist også hos laks på einskilde setjefisklokalitetar om vinteren.

F. psychrophilum blei første gang isolert frå sjuk sølvlaks i USA i 1960, mens sjukdommen alt blei beskriven i 1946. Infeksjonen dukka opp på det europeiske kontinentet hos regnbogeaure i midten av 1980-åra, og er i dag sett på som eit av dei største problema i verda for produksjon av regnbogeaure.

Tiltak

Systemisk infeksjon med F. psychrophilum hos regnbogeaure er listeført i Noreg (kategori F).

Vaksinering av yngel har til nå ikkje gitt tilfredsstillande resultat. Det er rapportert at både mono- og multivalente injeksjonsvaksinar gir vern hos større fisk. Ein autogen vaksine er tilgjengeleg på den norske marknaden.

Suboptimale miljøtilhøve og stress kan truleg utløysa sjukdommen.

Sjukdommen kan kontrollerast med hygieniske tiltak, og det kan vera naudsynt med medikamentell behandling. Internasjonalt er utvikling av resistens mot vanleg brukte antibakterielle midlar eit aukande problem. F. psychrophilum-stammer funne hos regnbogeaure i Noreg har hatt nedsett følsamheit for enkelte antibakterielle midlar (quinoloner). Tilbakefall i fiskegrupper som har vore behandla er ikkje uvanleg.

Bakterien er følsam for vanleg brukte desinfeksjonsmidlar, og for å unngå overføring av bakterien frå foreldrefisk til avkom via kjønnsprodukt, er det svært viktig med streng hygiene og optimale desinfeksjonsrutinar. Desinfeksjon av rogn er påbode, og jodoforar er vanleg brukte.