Avvenningsdiaré

Avvenningsdiaré hos gris er forårsaka av særskilte variantar av Escherichia coli, og er vanlegast 3-14 dagar etter avvenning. Diaré i tida rundt avvenning kan opptre åleine eller saman med tilfelle av ødemsjuke i same besetning, eller endåtil hos same individ.

Avvenningsdiare er ein multifaktoriell sjukdom, der fleire omstende spelar inn på sjukdomsutviklinga og sjukdomen sitt forløp i besetninga. Fleire stressorar relatert til avvenning gjer grisane meir sårbare for ei rask oppformeiring av E. coli i tarmen:

  • Tap av spesifikk og uspesifikk immunitet frå purkemjølka.
  • Overgang til nytt og proteinrikt fôr
  • Stress på grunn av flytting og blanding med grisar frå andre kull
  • For låg temperatur i omgjevnadane
  • Samtidig infeksjon med rotavirus og/eller koksidier

Smittestoff og smittevegar

Enterotoksigene (ETEC) og enteropatogene (EPEC) variantar av E. coli kan begge vera involverte i utbrot av avvenningsdiaré. Serovarianten O149, ein variant av ETEC, har vore den vanlegaste å finna i norske utbrot dei siste åra.

Smittevegen er fekal-oral, og infeksjon skjer ofte ved overføring til ein kontaminert smågrisavdeling, der smitten blir spreidd via miljøet, kontaminert fôr og drikkevatn, personell og utstyr. Når E. coli-bakteriar blir inntatt i store nok kvanta, vil bakteriane oppformeira seg raskt i tarmen og forårsaka klinisk sjukdom.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Diaré etter eller i samband med avvenning har nokså likt sjukdomsbilete som spedgrisdiaré, men er typisk mindre alvorleg, sjølv om ein også her vil kunna sjå sjokktilstandar og akutte dødsfall. Affiserte grisar får gråleg til gulaktig, vassen diaré som varar i inntil ei veke. Diaréen medfører dehydrering og vekttap. Grisane blir generelt nedstemte, og dødelegheit opp mot 25% kan forventast dersom behandling ikkje blir sett i verk. Over ein periode på fleire dagar vil dei fleste grisane i ei gruppe bli råka.

Akutte dødsfall er vanlegare ved utbrot av serovarianten O149. Ein kan då observera akutte dødsfall før det har utvikla seg diaré.

Diagnostikken baserer seg helst på obduksjon av 2-4 ubehandla griser. Ved feltobduksjon tas prøvar frå tynntarmen med tanke på bakteriologisk dyrking. Det kan også tas avføringsprøvar frå endetarmen på grisar med diaré, minst 3-5 grisar frå fleire kull er i så fall tilrådd.

E. coli kan delast inn etter type antigen, og Veterinærinstituttet i Oslo kan utføra såkalla OK-typing av bakteriekulturar av E. coli.

Ved obduksjon ser ein dehydrering med innsunkne auger og redusert hudelastisitet. Slimhinna i tynntarmen er raudleg (hyperemisk), og tynntarmen dilatert. Innhaldet i tynntarmen kan vera tynt og gulaktig, eller også raudleg og blodtilblanda. Magesekken kan vera velfylt.

Aktuelle differensialdiagnosar er infeksjon med andre tarmpatogene agens som er påvist i Noreg:

  • tarmadenomatose (Lawsonia intracellularis)
  • svinedysenteri (Brachyspira hyodysenteriae)
  • spirokjetal diaré (Brachyspira pilosicoli)
  • Rotavirus
  • porcint circovirus type 2

I tillegg er det viktig å merka seg følgjande differensialdiagnosar som finst på verdsbasis:

  • TGE (smittsam gastroenteritt)
  • PED (porcin endemisk diaré)

Diagnosen avvenningsdiare blir stilt på bakgrunn av klinikk og obduksjonsfunn, dersom desse blir underbygde av bakteriologiske funn av rikeleg med tarmpatogene E. coli ved dyrking.

Førekomst

E. coli er ein del av den normale tarmfloraen hos gris og andre dyr, og er i tillegg ein vanleg tarmpatogen bakterie på verdsbasis. Sjukdomen er ikkje meldepliktig.

Tiltak

Ved påvisning av tarmpatogen E. coli i tilnærma reinkultur blir det rutinemessig utført resistensundersøking. Førsteval av antibiotika er sulfa/trimetoprim. Behandling av enkeltdyr eller heile bingar må vurderast ut frå den totale situasjonen i besetninga. Eventuell bruk av antimikrobielle middel i behandling av avvenningsdiaré skal alltid kombinerast med førebyggjande tiltak, samt støttebehandling med fri tilgang på væske og elektrolyttar.

Kontakt rådgivingstenesta ved slakteri eller fôrprodusent. Optimalisering av miljøet og rutinane rundt avvenning er ein avgjerande del av førebygginga. Bruk av avvenningstorv og/eller organiske syrer i fôret har vist seg å ha positiv effekt. Diettar som er rike på protein og energi i tida rundt avvenning kan predisponera for bakterievekst i tarmen, og ein del av førebygginga er derfor redusert fôrstyrke akkurat i denne perioden.

Det finst ein vaksine tilgjengeleg på godkjenningsfritak. Vaksinen inneheld levande ikkje-patogene stammar av E. coli, og blir administrert peroralt til individuelle grisar eller via drikkevatn.