Anaplasmose (sjodogg)

Anaplasmose er ein influensaliknande bakteriesjukdom hos dyr og menneske.

Sjukdommen er vanlegast hos sau, men kan også finnast hos storfe, geit, hest, hund og hjortedyr.

Smittestoff og smittevegar

Anaplasmose blir også kalla sjodogg eller tick-borne fever, særleg når det gjeld sau. Årsaka er bakterien Anaplasma phagocytophilum som blir overført med skogflått (Ixodes ricinus). Bakterien blei tidlegare kalla Ehrlichia phagocytophila.

Sau, hjortedyr og kanskje gnagarar reknast som hovudreservoar for bakterien. Anaplasmose smittar ikkje mellom dyr eller frå dyr til menneske.

Hos virveldyr etablerer bakteriane seg i dei kvite blodcellene og reduserer immunforsvaret. Dette gir auka risiko for infeksjon med andre bakteriar, mellom anna stafylokokkar som kan vera årsak til sepsis, leddbetennelse, lungebetennelse m.m.

Dyr som har vore smitta kan vera smitteberarar i ein lengre periode.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Sjukdommen førekjem på den tida i året då flåtten er aktiv, særleg seint på våren og tidleg om hausten. Inkubasjonstida er frå nokre dagar til ca. ei veke.

  • Sau

    Inkubasjonstida hos sau er 4 – 8 dagar. Dyra får høg feber og nedsett matlyst. Dei er nedstemde, med auka hjarte- og pustefrekvens. Enkelte dyr kan ha mild hoste.

    Drektige søyer som blir infiserte for første gong, vil ofte abortera. Verar kan vera forbigåande sterile i sjukdomsperioden og i ei tid etter denne. Lam går ofte gjennom eit mildt sjukdomsforløp med fluktuerande feber mellom 40 og 42 ºC i ein periode på inntil 10 dagar.

    Det reduserte immunforsvaret gir auka risiko for infeksjon med andre bakteriar, blant anna stafylokokkar, som kan forårsaka blodforgifting, leddbetennelsar, lungebetennelse m.m.

  • Storfe

    Storfe får høg feber (opp til 40,5 ºC) som varer frå 2 – 12 dagar (lenger hos høgdrektige dyr). Feberen kan gå tilbake, for så å stiga igjen. Slik kan dyra gå gjennom fleire periodar med høg feber.

    Lakterande kyr kan få eit kraftig fall i mjølkeproduksjonen, matlysta blir redusert eller stansar, rask respirasjon og mild hoste kan observerast. Høgdrektige dyr kan abortera. Plutselege dødsfall er også registrert.

  • Hest

    Ved akutt anaplasmose er symptoma hos hest m.a. høg feber, dårleg matlyst, auka hjarte- og pustefrekvens, slappheit, unormale rørsler eller motvilje mot å bevega seg, og hovne bein. Sjukdommen kan behandlast med antibiotikum, men hestar kan få nye tilbakefall trass behandling. Det er ikkje stadfesta at anaplasmose kan finnast i kronisk form hos hest.

  • Hund

    Sjuke hundar er allment påkjente, med feber, nedsett matlyst og vanskar med å bevega seg. Ikkje alle smitta hundar viser symptom.

  • Mennesker

    Menneske kan få anaplasmose, med influensaliknande symptom. Les meir om anaplasmose hos menneske på Folkehelseinstituttet

Diagnostikk
Diagnosen kan stillast på grunnlag av kliniske symptomer og påvisning av A. phagocytophilum i blod (blodutstryk, PCR).

Førekomst 

I Noreg er flåtten påvist langs kysten frå Oslofjorden i sør til Harstad i nord. Det er estimert at rundt 300 000 sauer får anaplasmose kvart år her i landet.

Også viltlevande hjortedyr, som rådyr, elg og hjort, kan få sjukdommen. Hjortedyr kan ha langvarig infeksjon utan å visa teikn på sjukdom. Dei fungerer truleg som eit viktig smittereservoar for A. phagocytophilum i naturen

I ein studie av hundar frå Aust-Agder blei det påvist antistoff i blodet hos ca. 10 %, noko som indikerer at dyra har vore eksponerte for bakterien.

Tiltak

Sjuke dyr kan behandlast med antibiotika. Det finst ikkje vaksine mot sjukdommen.

I område der ein veit smitten finst, blir det tilrådd at lam eller unge søyer som skal parast, har vore i kontakt med smittestoffet før drektigheita byrjar, for å unngå abortar.

Hest på beite i flåttområde bør sjekkast dagleg og flått fjernast.

Generelle forbyggjande tiltak som reduserer mengden tilgjengeleg flått, til dømes rydding eller brenning av kratt, eller ved at dyr blir gjerda ute frå slike område, vil redusera risikoen for sjukdommen. Mange insektmiddel (t.d. med permetrin) verkar også mot flått.