Nytt tilfelle av skrantesjuke på elg

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har meldt Mattilsynet at instituttet har påvist prionsjukdomen skrantesjuke på ei elgku funnen daud i Sigdal i Buskerud denne veka. Det er påvist skrantesjuke i fleire hjerneprøvar frå elgkua, medan prøvar frå lymfeknutar er negative.

Dette er det sjette tilfelle av skrantesjuke blant norske elgar etter at Veterinærinstituttet oppdaga sjukdomen for første gong i 2016. Dei fem første har vært av typen atypisk skrantesjuke som blir rekna som ikkje-smittsam. Også på desse var lymfeknutane negative.

Det var elgjegarar som tilfeldig kom over det daude dyret. Etter at dei melde frå til viltforvaltar i kommunen blei hjernemateriale sendt inn til Veterinærinstituttet for testing. Fredag ettermiddag kom ytterlegare materiale frå kadaveret inn til Veterinærinstituttet for diagnostiske analysar som alle er avslutta laurdag. Mattilsynet vil sørge for at resten av kadaveret kjem inn til Veterinærinstituttet seinare, og det vil då bli gjort ytterlegare diagnostiske undersøkingar i veka som kjem.


Meld frå om du ser sjuke eller daude hjortedyr

Sidan starten i 2016 er 94.754 hjortedyr testa for skrantesjuke. Alle som ser sjuke eller daude hjortedyr, blir bedt om å melde frå til Mattilsynet. Symptom på skrantesjuke er avmagring, hyppig urinering og unormal oppførsel, til dømes at dyr ikkje skyr menneskjer.

Sjukdomen er dødeleg for hjortedyr, men den har aldri vist seg å smitte til menneskje, verken frå dyr eller kjøtt.

To variantar av skrantesjuke

Forsking ved Veterinærinstituttet har synt at det er to variantar av skrantesjuke i Noreg, ein smittsam variant og ein variant som formodentleg ikkje er smittsam. Den smittsame varianten er kun funnen på villrein i Nordfjella. Atypisk skrantesjuke er tidlegare påvist på fem elgar; tre i Selbu, ein i Lierne og ein i Flesberg, i tillegg til ein hjort i Gjemnes.

Les mer om de to variantane på Veterinærinstituttets sider.

Les pressemelding fra Mattilsynet

Del artikkel