Nytt tilfelle av skrantesjuke frå Selbu

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har 1. oktober varsla Mattilsynet at hjerneprøvar frå ei vaksen elgku felt under jakt i Selbu er positive for skrantesjuke (CWD). Medan det ikkje vart påvist CWD-prionar i dei undersøkte lymfeknute frå same dyr.

Dette er mest truleg eit nytt tilfelle av CWD varianten som ikkje skil seg frå tidlegare funn på eldre elgar og hjort i Noreg.

-Dette stadfester at det omfattande overvakingsprogrammet for skrantesjuke hos hjortedyr satt i verk av norske styremakter fungerer godt. Då er det forventa at vi finn nokre slike isolerte tilfelle av skrantesjuke hjortedyr frå år til år, seier forskar Sylvie Benestad ved Veterinærinstituttet. 

Jegeren som felte dyret, er varsla. Det felte dyret er no undervegs til Veterinærinstituttet i Oslo for vidare undersøkingar. Elgkua skal ikkje ha vist teikn på sjukdom. Sjå òg nettmelding frå Mattilsynet om funnet der det blir gitt velfortent ros til jegerar som sender inn prøvar frå felte dyr til Veterinærinstituttet. 

Sidan Veterinærinstitutt oppdaga skrantesjuke i 2016 for første gong i Europa, er over 84.050 hjortedyr blitt testa for sjukdomen i Noreg. Forsking ved Veterinærinstituttet, publisert i anerkjente forskingstidsskrift etter fagfellevurdering, har slått fast at det er to variantar av skrantesjuke, ein som kan smitte mellom levende hjortedyr og ein variant som truleg ikkje kan det. Den smittsame varianten er berre funnen på villrein i Nordfjella Sone 1 kor heile flokken er tatt ut. Atypisk skrantesjuke er funnen på til saman fire elgar; to i Selbu, ein i Lierne og ein i Flesberg, pluss ein hjort i Gjemnes. Alle testar av prøver av hjortedyr i Noreg er utført av Veterinærinstituttet.

Les mer om de to variantene av skrantesjuke her Veterinærinstituttets sider.

Del artikkel