Mistanke om skrantesjuk hjort i Møre og Romsdal

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har i dag varsla Mattilsynet om mistanke om skrantesjuke (Chronic Wasting Disease - CWD) på ein hjort frå Møre og Romsdal. Det er ikkje tidlegare funne skrantesjuke på hjort i Noreg.

Prøvane er frå hjernevev. Vidare undersøkingar vil gje svar på om hjorten faktisk har skrantesjuke.

Førebels opplysingar er at dyret er eit eldre hodyr. Varianten av skrantesjuke påvist på elg i Trøndelag er også funne på gamle hodyr. Elg-varianten skil seg frå den som er funne på villrein. Det er for tidleg å seie noko om kva type hjorten eventuelt har.

- Det viktigaste no er å avventa fleire analysesvar og at vi held fram med å skaffa oss meir kunnskap. Prøvetaking i Møre og Romsdal bør intensiverast. Ut over detta har vi ikkje kunnskap i dag som endrar våre faglege råd rundt handsaminga av skrantesjuke i Noreg,  forklarer CWD-koordinator Jørn Våge i Veterinærinstituttet.

Før den nye mistanken, er det påvist tilsaman ti tilfeller av skrantesjuke i Noreg etter at Veterinærinstituttet gjorde den første påvisinga i april 2016. Dei ti tilfella er sju villrein frå Nordfjella og tre elgar frå Selbu og Lierne i Trøndelag.

Skrantesjuke er ein prionsjukdom på same vis som kugalskap (BSE) og skrapesjuke hos sau er det. Prionsjukdomar er knytt til unormale foldingar av eit protein som er normalt til stede i cellene. Enzymane i kroppen vil ikkje greie å bryte ned eit feilfolda prionprotein. Desse prionane vil hope seg opp i kroppen og gradvis øydelegge nervecellene i hjernen. 

Veterinærinstituttet står for alle analyser av sjukdomen og gir faglege råd til Mattilsynet i deira forvalting av sjukdomen basert på forsking på skrantesjuke og kompetanse innan prionsjukdomar. Veterinærinstituttet samarbeider òg med Miljødirektoratet og forskingsstiftinga NINA om handtering av sjukdomen og konsekvensane for hjortedyrbestandane i Noreg.

Les meir om skrantesjuke

Les også pressemelding frå Mattilsynet

Kontaktperson ved Veterinærinstituttet:
Jørn Våge

Del artikkel