Mange tilfelle av harepest i Sør-Noreg

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har den siste tida diagnostisert harepest (tularemi) hjå mange harar og ein hund – alle frå Sør-Noreg. Dette tyder på at sjukdommen er relativt utbreidd i dette området og folk bør vera merksame på det.

Veterinærinstituttet har den siste tida diagnostisert harepest (tularemi) hjå mange harar og ein hund  – alle frå Sør-Noreg. Dette tyder på at sjukdommen er relativt utbreidd i dette området og folk bør vera merksame på det.

Harane med harepest har blitt innsendt frå Agder, nordre del av Buskerud  og Indre Sogn i løpet av dei siste vekene. Tularemi (harepest) skuldast infeksjon med bakterien Francisella tularensis.

Kan smitta til menneske og hund

Bakterien kan smitta menneske og mange ulike dyreartar. Haren er spesielt følsam for infeksjon og døyr vanlegvis av blodforgifting få dagar etter at han har blitt smitta. Hundar kan smittast ved fangst eller ved å eta smågnagarar. Vanlegvis utviklar dei forbigåande sjukdom.

Hjå hare opptrer tularemi som oftast om ettersommaren og hausten, og førekomsten av sjukdommen varierer frå år til år, med høgast førekomst i smågnagarår.

I år har vi påvist mange tilfelle og det er grunn til å tru at det kan bli fleire. Smågnagarar utgjer eit viktig smittereservoar for bakterien i naturen. Det vert opplyst at det er mykje smågnagarar i dei aktuelle områda, samt at den lokale harebestanden synest å vera høgare enn vanleg.

Trege harar kan vera sjuke

Harar som oppfører seg unormalt under jakt (går tregt i los), bør ikkje slaktehandsamast, då dette kan vera teikn på at haren er sjuk. På Veterinærinstituttet sitt faktaark kan du lesa meir om harepest.

Unngå daude eller sjuke dyr og ikkje drikk frå opne drikkevasskjelder

Tularemi kan også opptre hjå menneske (zoonose). For å unngå smitte må ein:

  • vera varsam med å handtera daude eller sjuke harar og smågnagarar.
  • ikkje drikka vatn frå mindre, opne drikkevasskjelder i område med stor førekomst av smågnagarar eller i område der det er påvist tularemi hjå hare.

Du kan lesa meir om korleis sjukdommen artar seg hjå menneske på Folkehelseinstituttet sine nettsider: Folkehelseinstituttets informasjon om tularemi

Del artikkel