Har du sett hudvorter hjå hjort?

Denne saken er eldre enn to år

Hausten 2019 fekk Veterinærinstituttet for første gong meldingar om hudvorter hjå hjort på Vestlandet. Vortene er årsaka av eit papillomavirus som er ulikt det som årsakar hudvorter hjå elg. ViltHOP oppfordrar hjortejegerar til å sjå etter hudvorter og ynskjer informasjon dersom de finn slike.

Hudvorter hjå hjort – ein ny sjukdom?

I løpet av jakta 2019 fikk Veterinærinstituttet melding om funn av hudvorter hjå hjort i eit par kommunar på kysten av Hordaland (Vestland fylke). I eit jaktlag i Bømlo registrerte dei fleire dyr med vorter. Det dreia seg om få vorter per dyr og dyra var unge. I 2021 har vi fått inn nye rapportar om hudvorter hjå hjort frå andre kommunar i Vestland fylke og nord i Rogaland fylke. ViltHOP treng hjelp til å kartleggja kor utbreidd sjukdommen er i hjortestamma vår.

Eit anna hudvortevirus enn elgen sitt

Veterinærinstituttet mottok i 2019 prøvemateriale til laboratoriegransking for å finna årsaka til vortene hjå hjort (HOP-rapporten 2019). Det vart påvist sjukelege endringar i huda i samsvar med hudvorter (fibropapillomatose) og dei likna vortene vi finn hjå elg her i landet. Vortene varierar i storleik og tal, og rapportar så langt tyder på at dei oftast er å finna på lår og i lyske (sjå foto), eventuelt på framfot.

Hudvorter årsaka av papillomavirus er påvist hos hjort og rådyr i andre europeiske land. Analysar av hudvorter frå norsk hjort har påvist eit papillomavirus som er ulikt elgen sitt. Elgvorter er årsaka av eit virus som berre smittar elg (EEPV - European Elk Papilloma Virus) og du kan lesa meir om sjukdommen hjå elg her.

Kan ein nytta slaktet?

Hudvortene sit kun i huda og slaktet kan nyttast på vanleg måte. Nokre vorter kan få sår og det kan av og til setja seg betennelse i vortene. Vond lukt og verk kan vera eit teikn på det og då bør dyret gjennomgå kjøtkontroll. Dersom det blir skotne dyr med svært store mengder vorter slik som ein av og til ser på elg (generalisert), vil det vera aktuelt å vurdera kassasjon. Vi har så langt ikkje fått rapportert generalisert sjukdom hjå hjort. Sjukdommen smittar ikkje til menneske eller andre artar som hund.

Kor utbreidd er sjukdommen?

Sidan førekomsten av sjukdommen hjå hjort er lite kjent, ynskjer ViltHOP å få inn meldingar frå jegerar som ser slike hudvorter (sjå bilete). Vi veit lite om omfanget av vorter hjå hjort og om sjukdommen kan bli generalisert (over store deler av kroppen) slik som hjå elg. ViltHOP ynskjer at jegerar som ser slike vorter på hjort rapporterar det inn til oss, slik at vi kan få meir kunnskap om sjukdommen.

Hjå hjort som blir felt med hudvorter er det ynskjeleg å få registrert: lokalitet (kommune), fellingsdato, aldergruppe (kalv, åring, vaksen), tal vorter og kor på dyret vortene finnest. Fotodokumentasjon er svært viktig og det vil også vera aktuelt å få inn materiale til laboratoriegransking etter nærare avtale med ViltHOP.

Har du informasjon om hjortevorter som etterspurd over, så send e-post til ViltHOP ved Turid Vikøren.

 

Del artikkel