Årets første påvising av harepest hjå hare

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet har påvist harepest (tularemi) hjå ein hare frå Skiptvet i Østfold i Viken fylke.

Harepest, også kalla tularemi, er ein smittsam infeksjonssjukdom årsaka av bakterien Francisella tularensis. Sjukdommen førekjem hjå viltlevande dyr, spesielt hos hare og smågnagarar. Harepest kan også smitta til menneske.

- Påvising av tularemi hjå hare er eit varsel til folk om at bakterien finst i området. Ikkje ta på ein sjuk eller daud hare og ikkje lat hunden snusa på den, seier Turid Vikøren, fagansvarleg for vilthelse ved Veterinærinstituttet.

- Ein må også vera ekstra varsam med å drikka vatn frå bekkar og andre usikre vasskjelder i området og følgja råda frå Folkehelseinstituttet, påpeiker ho.

Harepest hjå ville dyr

Harepest førekjem over heile landet, men er oftast påvist i Sør-Noreg. Dei fleste tilfella hjå hare opptrer om ettersommaren og hausten, men dei seinare åra har vi hatt ein del tilfelle tidlegare på sommaren.

Ein hare som er smitta av harepest, blir svært sjuk og døyr vanlegvis etter nokre få dagar. Hos smågnagarar er det meir variasjon i kor sjukdomsframkallande denne bakterien er. Men enkelte artar er truleg dyr som ber på smitte med bakterien og som kan overføra bakterien til andre dyr og menneske, ofte via miljøet som til dømes vatn.

- Haren er normalt sett «lett på fot» og typisk for sjuke harar er at dei fører seg tregare enn normalt, men rett etter at dei er smitta kan dei virka friske, seier Vikøren.

Les meir om harepest hjå dyr.

Harepest hjå hund

- Kjæledyr og husdyr er for det meste lite mottakelege for harepest, men hundar som vert smitta får typisk feber og lita matlyst i nokre dagar. Dei blir som regel ikkje alvorleg sjuke og sjukdomsteikna går oftast over i løpet av nokre få dagar, men nokre dyr treng behandling hjå veterinær, seier fagansvarleg for sport- og familiedyr ved Veterinærinstituttet, Hannah Jørgensen.

Ho forklarar vidare at som generell regel bør ein, i den grad det er mogeleg, ikkje lata hundar eta eller snusa på daude harar eller smågnagarar.

Ta kontakt med Mattilsynet

Finn du ein daud eller sjuk hare ta kontakt med det lokale Mattilsynet. Dei gir råd om korleis dyret skal handterast vidare. Mattilsynet vil i samråd med Veterinærinstituttet ta ei avgjersle om haren skal sendast til Veterinærinstituttet for undersøking.

Les meir om harepest hjå Mattilsynet.

Diagnosen harepest er basert på obduksjon og påvising av bakterien i indre organ med ein molekylærbiologisk metode kalla PCR.

- Det er stor smittefare når ein tek ut prøvar. Difor må daude harar, der ein har mistanke om harepest, både handterast, pakkast inn og sendast inn på ein forsvarleg  måte til Veterinærinstituttet i Ås for undersøking, seier Vikøren.

- Haren skal ikkje opnast i felt, men sendast heil inn, avsluttar ho.

Meir om harepest kan du lese her

Dette seier Mattilsynet om harepest

Les meir om harepest hjå menneske på nettsidene til Folkehelseinstituttet.

Harepest er skildra i Dyrehelserapporten 2019 under kapittelet Ville dyr, Sykdom i fokus 2019.

Del artikkel