![Etter at skrantesjuke blei oppdaga i Noreg i 2016 har Veterinærinstituttet analysert over 177 000 prøvar. Foto: Olav Strand](/nyheter/Framleis-viktig-med-pr%C3%B8vetaking-for-%C3%A5-kartleggja-skrantesjuke-blant-hjortedyr-i-Noreg/_/image/2c80f9b2-16a1-4d92-946d-d7b6583ceb15:3724578f155c5c90fbad068a7838d74926df915b/max-2400/fotoolavstrand.jpg)
Skrantesjuke (Chronic Wasting Disease – CWD) vart påvist i Noreg våren 2016, og sidan då er det brukt mykje ressursar på kartlegging.
- Målet er å kartleggja førekomst og geografisk utbreiing av klassisk og sporadisk skrantesjuke. Dette er nødvendig for at forvaltninga skal kunna setja i verk gode tiltak for å avgrensa eller nedkjempa denne sjukdommen, seier seniorforskar og CWD-koordinator ved Veterinærinstituttet Jørn Våge.
- Den omfattande overvakinga gjer at me no med rimeleg tryggleik veit at CWD ikkje er utbreidd med høg førekomst blant hjortedyr i Noreg, samtidig som det er høgst sannsynleg at smitta dyr finst på Hardangervidda. Framleis er prøvetaking er heilt avgjerande for å kartleggja eventuelt låg førekomst av sjukdommen, fortel han.
I overvakingsprogrammet for skrantesjuke (CWD) i 2023 kjem det fram at totalt i perioden 2016-2023 er klassisk CWD påvist hos 21 villrein og atypisk/sporadisk CWD er påvist hos 12 elgar og tre hjortar.