Leishmaniose

Leishmaniose (også kalla leishmaniasis) er ein alvorleg sjukdom hos hund og menneske, der årsaka er ein eincella parasitt (Leishmania). Katt kan også bli smitta.

Sjukdommen finst ikkje i Noreg, men er funnen hos hundar og personar som har vore i Middelhavsområdet eller i tropiske og subtropiske område.

Leishmaniose er ein liste 2-sjukdom, og førekomst av eller mistanke om denne sjukdommen skal straks rapporterast til Mattilsynet.

Smittestoff og smittevegar

Årsaka til Leishmaniose er eincella organismar av slekta Leishmania. Det finst mange ulike artar.

Parasitten blir overført mellom dyr og menneske gjennom bitt av blodsugande sandmygg (også kalla sommarfuglmygg), og den treng å utvikla seg i myggen for å bli smittefarleg. I sjeldne tilfelle kan parasitten bli overført direkte mellom hundar, til dømes ved blodoverføring, paring, og under drektigheit til foster.

Sandmygg finst ikkje i Noreg, og det er lite truleg at smitten kan spreiast frå ein infisert hund til friske hundar. Men smitta hundar bør ikkje brukast i avl eller som blodgivarar.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Leishmaniose hos hund finst til vanleg ei kronisk form. I nokre tilfelle er sjukdommen avgrensa til hudendringar, men ofte ser ein alvorleg systemsjukdom med feber, avmagring, anemi, nasebløding, lever- og nyreskade. Prognosen er avventande til dårleg.

Sjukdomsbiletet hos menneske varierer, og kan delast inn i ei hudform (kutan leishmaniasis) og ei systemisk form (viceral leishmaniasis). Les meir om leishmaniose hos menneske på heimesida til Nasjonalt folkehelseinstitutt www.fhi.no.

Diagnostikk
Antistoff mot parasitten kan påvisast i blod. Det tek i gjennomsnitt 5 månader frå hunden er smitta til antistoff kan påvisast i blodet (opptil 22 månader). Dersom ein frisk hund skal undersøkast for Leishmania bør dette gjerast tidlegast ca. 6 månader etter mogleg eksponering, og ein bør vera klar over at sesongen for sandflugevektoren kan variera frå område til område. Eit høgt antistofftiter heng ofte saman med klinisk sjukdom. Eit lågt antistofftiter indikerer at hunden har vore eksponert for parasitten og er enten frisk smitteberar (vil kunna utvikla sjukdom seinare) eller har vore eksponert for parasitten og ikkje lenger er smitta. For påvising av parasitten kan ein ta ut prøver frå lymfeknutar, beinmarg, milt, blod eller materiale frå hudlesjonar, for å sjå om denne er til stades i vevet. Slike prøver kan undersøkast mikroskopisk eller ved PCR.

Førekomst

Leishmaniose er ein importsjukdom som førekjem her i landet berre hos dyr eller menneske som har vore i område der parasitten og sandmyggen finst. Dette gjeld Middelhavslanda og Portugal, Aust- og Sør-Asia, Nord- og Aust-Afrika og Latin-Amerika.

I Europa er hund hovudreservoar for leishmaniaparasittane.

Tiltak

Leishmaniose er ein liste 2-sjukdom. Behandling av sjukdommen hos hund er vanskeleg, med risiko for tilbakefall.

Etter opphald i eller import av hundar frå Middelhavsområdet bør ein vera merksam på at hunden kan vera smitta av leishmaniaparasittar. På reise bør hunden beskyttast mot myggåtak (spot-on preparat eller halsband) og haldast inne om kvelden og natta. Ein bør bruka myggnett om nødvendig. Insektavvisande preparat kan føreskrivast av veterinær. Det er mulig å vaksinere mot Leishmania dersom hundar skal reisa til område der dei kan utsetjast for smitte. Det finnes ingen marknadsførte vaksiner per i dag, men veterinær kan søke om godkjenningsfritak. Vaksinasjon hindrar som regel ikkje infeksjon, men kan gjere hunden mindre utsatt for å utvikle sjukdom. Sidan effekt av vaksinasjon reknas som usikker, er vern mot myggåtak også viktig for vaksinerte hundar.  

Det blir tilrådd at hundar som har vore i område der både Leishmania og sandflugevektoren er til stades (til dømes rundt Middelhavet), bør undersøkast for Leishmania antistoff når dei vender tilbake til Noreg. Hundar med positivt titer bør følgjast opp for å finna ut om dei er eksponert, men ikkje smitta, friske smitteberarar eller om dei har klinisk sjukdom. Hundar som er vaksinerte mot Leishmania kan ha eit positivt antistofftiter. Avhengig av hvilke vaksine som er benyttet.