Nytt CWD-funn på rein

Denne saken er eldre enn to år

Veterinærinstituttet rapporterte mandag 19. september eit nytt funn av prionsjukdomen Cronic Wasting Disease (CWD) eller skrantesjuke til Mattilsynet. Det nye funnet er på ein villrein i frå Nordfjella. Det er tredje funnet av CWD på villrein og det femte totalt i Noreg.

Etter at Veterinærinstituttet fann CWD for første gong i Noreg og i Europa på villrein og elg er det starta opp ein nasjonal innsamlingsaksjon. Aksjonen er knytta til jakta på villrein, elg og hjort, men samler og inn frå prøver utanom jakt. Tilsaman skal 15.000 dyr undersøkast. 

Ikkje overraska

Mandag hadde Veterinærinstituttet testa hjerneprøvar frå i alt 559 villrein og 956 hjort og elg. Antallet positive funn er tilsaman fem: Tre villrein alle frå Nordfjella og to elgar i frå Selbu. Den siste villreinen blei skoten under jakta 10. september.

 –Vi er ikkje overraska over funnet. Vi har lagt til grunn for innsamlinga at det er risiko for fleire positive funn i Nordfjella, seier Jorun Jarp, avdelingsdirektør for helseovervaking i Veterinærinstituttet.

CWD er ein smittsom sjukdom. Dyra kan vere sjuke i fleire år, men utfallet er alltid dødeleg. Sjukdomen er kjend i Nord-Amerika og på dyr eksportert derfrå til Korea. Korleis CWD kom til Noreg er ukjend. Slike sjukdomar kan oppstå spontant for så å smitte vidare. Funna på dei to første reinsdyra og dei to elgane viser at det er ulike variantar av CWD som er funne i Nordfjella og i Selbu.

– Vi veit at forekomsten blant hjortedyr som villrein og elg kan være så lav om 0,5 til 1 prosent, sier Jarp som opplyser at prøvetakinga fortset etter planen. som før. Når innsamlinga er over, må vi  vurdere kva ein skal gjere vidare ut frå ei samla vurdering der ein tar alderssamansettinga i stammen og andre forhold med  vurderinga.

Dyr det er hentet ut prøve fra, kan ikke skjæres ned og spises før Veterinærinstituttet har klarert at dyret er fritt for CWD.

Rask service

Veterinærinstituttet forventer mange fleire prøver under elgjakta, og vil stå på for å oppretthalde servicen. Under elgjakta skal hjerneprøver frå dyr frå 50 kommunar samlast inn. Innsamlinga står NINA og Mattilsynet for. Jeger vil finne informasjon om sitt dyr på hjortevilt.no

– Prøver frå friske dyr vil bli kvittert ut ein arbeidsdag etter at den kom til Veterinærinstituttet. Ved indikasjon på positive funn vil ein ta fleire testar som tar noko lengre tid. Vi har godt håp om å ta unna prøvene og oppretthalde servicen, forklarer Jorun Jarp.

Se også Mattilsynets melding om dette funnet.

Se NINAs nettside om kartlegging av CWD i Norge og hjortevilt.

 

Del artikkel