Svineinfluensa

Influensa er ein svært smittsam virusinfeksjon hos gris der årsaka er influensa A-virus. Viruset kan smitta både frå menneske til gris og frå gris  til menneske.

Svineinfluensa er ein liste 2-sjukdom og førekomst av eller mistanke om svineinfluensa skal straks rapporterast til Mattilsynet. Unntaket er H1N1pdm09 (pandemisk influensavirus) som er ein liste 3-sjukdom.

Smittestoff og smittevegar

Svineinfluensa er ein smittsam virusinfeksjon som skuldast influensa A-virus som høyrer til i familien Orthomyxoviridae.

Viruset kan delast inn i subtypar på grunnlag av to typar overflateprotein; hemagglutinin (H) (16 ulike variantar) og neuraminidase (N) (9 ulike variantar). Dei vanlegaste subtypane isolerte frå gris er H1N1, H1N2 og H3N2.

Influensa A-virus endrar seg lett, dels gjennom mutasjonar i arvematerialet og dels ved utveksling av genmateriale mellom ulike subtypar ved samtidig infeksjon i same vert, såkalla reassortering. Det skjer stadig nye reassorteringar, og i dei siste åra er det rapportert om betydeleg utveksling av genmateriale mellom influensavirus frå gris, fuglar og menneske.

Influensavirus frå pattedyr blir raskt inaktiverte i dyra sitt miljø, men kan halda seg infektive i fleire timar i slim. I gjødsel blir virus inaktivert i løpet av 1-2,5 timar ved 50-55° C, to veker ved 20° C og 9 veker ved 5° C. Viruset blir inaktivert av dei fleste desinfeksjonsmiddel og ved pH <2.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

 Sjukdomsteikna ved svineinfluensa er uspesifikke teikn på luftvegsinfeksjon som naseflod, nysing, hoste, nedsett matlyst og høg feber (40,5 – 41,5° C). Grisane blir slappe, legg seg tett saman og vil helst ikkje røra på seg. Ein kan også sjå betennelse i augeslimhinna (konjunktivitt). Ein bør mistenkja infeksjon med influensavirus i buskapar der fleire grisar får milde luftvegssymptom i løpet av kort tid. Symptoma går oftast over etter 5-7 dagar, og dødelegheita er låg. Infeksjon kan òg gi få og milde, eller ingen merkbare sjukdomsteikn. 

I smågrisproduserande buskapar er det rapportert at den akutte sjukdomsperioden kan bli følgt av reproduksjonsproblem, som omløp, små kull, auka tal på abortar, daudfødde og svaktfødde grisar. Dette er likevel mangelfullt dokumentert. Reproduksjonsproblema er truleg komplikasjonar til høg feber og allmennpåkjenning då ein ikkje reknar med at influensavirus infiserer kjønnsorgana. Rånar kan ha nedsett fruktbarheit i lang tid (2-3 månader) etter gjennomgått infeksjon.

Inkubasjonstida ved infeksjon med influensa A-virus hos gris er 1-3 dagar. Ved ny-introduksjon av smitte i ein buskap kan ein få omfattande sjukdomsutbrot der nesten alle grisane blir akutt sjuke i løpet av 1-2 dagar, men i mange tilfelle viser berre 20-30 % av grisane symptom.

Ved obduksjon av akutt sjuke grisar vil ein finna slim og blodig væske i luftrøyr og bronkiar, og spreidde fortettingar i fleire lungelappar.

I den akutte fasen er det rikeleg med virus i naseflod og lungevev, og ein kan ta svaberprøver frå naseslimhinne og/eller vevsprøver frå lunger for virusundersøking.

Diagnostikk

Ein skal helst bruka svabrar av kunstfiber på transportmedium for prøver til virusundersøking.

Ein bør også ta ut prøver av lungemateriale til histologi og immunhistokjemi.

PCR kan utførast på svaberprøver frå naseslimhinne. Dette er ein generell PCR som fangar opp alle influensa A-virus. Ved positive funn kan ein utføra nye PCR-undersøkingar og sekvensering av virusgen for å bestemma subtypen.

Ved første gongs påvising av svineinfluensa i ein populasjon har ein god nytte av serologisk gransking av prøver tekne 2-3 veker etter det akutte sjukdomsutbrotet. I kronisk infiserte populasjonar må det eventuelt takast parprøver med 2-3 vekers mellomrom for å finna ut om influensavirus betyr noko for eit registrert sjukdomsproblem.

Førekomst

Infeksjon med influensa A-virus (H1N1, H1N2 og H3N2) finst vanleg hos grisar over heile verda. Noreg er eitt av svært få land der svinepopulasjonen var fri for infeksjon med influensavirus til den blei smitta med A(H1N1) pdm09 virus hausten 2009.

Ein ser oftast utbrot om hausten og vinteren. Dette heng truleg saman med temperaturstress som set ned grisen si motstandskraft samstundes som kjøleg og fuktig klima er gunstig for viruset si overlevingsevne utanfor grisen, og for spreiing med luft.

Overvaking

Norske grisebuskapar blir årleg kontrollerte for ei rekkje virusinfeksjonar, inkludert influensa A subtypane H1N1 og H3N2. 

Resultata frå dette overvakingsprogrammet indikerer at influensavirus A H1N1pdm09 nå er utbreidd i den norske svinepopulasjonen, men at seroprevalensen varierer over tid.

Gå til overvakingsprogrammet.

Tiltak

Svineinfluensa er ein liste 2-sjukdom. Ved første gongs utbrot med andre variantar enn H1N1pdm09 vil ein isolera buskapen og truleg prøva å nedkjempa smitten. Erfaring viser likevel at det er svært vanskeleg å hindra at infeksjonen spreier seg til andre buskapar når han er introdusert i ein populasjon. Det er difor viktig at ein er varsam ved all import av gris og at ein held seg nøye til reglar for isolat og testing. 

Det finst inga spesifikk behandling mot svineinfluensa, men ein nyttar ofte antibiotika for å førebyggja sekundærinfeksjonar. I nokre land er det vanleg å vaksinera grisane mot infeksjon med svineinfluensa. 

Sjølv om overvakingsprogrammet viser at influensa H1N1pdm09 virus er utbreidd i den norske svinepopulasjonen, og at smittestoffet ser ut til å ha etablert seg i populasjonen, er det framleis eit mål å halda norske grisar fri for andre, grisetilpassa variantar av influensavirus. Svineprodusentar og veterinærar må difor vera årvakne  for å oppdaga infeksjonar på eit tidleg stadium. Ein bør spesielt følgja opp buskapar på stadar der det har vore influensa hos folk på garden eller hos folk på besøk, til dømes veterinærar.