Svelgbrems og hudbrems hos hjortedyr

Svelgbrems og hudbrems er vanlege hos villrein, og i dei siste åra er elgen sin svelgbrems blitt oppdaga i stadig fleire område av landet. Dyra blir stressa av åtak frå dei flygande bremseflugene om sommaren. I tillegg er utviklinga av bremselarvane i dyra ei belasting for dyra om vinteren.

Bremsar er humleliknande fluger som har si larveutvikling i dyr, spesielt i hjortevilt (elg, hjort, rein og rådyr). Kvar dyreart har sine eigne artar av brems, og her i landet er reinen sin svelgbrems (Cephenemyia trompe) og reinen sin hudbrems (Hypoderma tarandi) vanlege parasittar hos både tamrein og villrein. Det er ikkje påvist eigne bremsar hos rådyr eller hjort i Noreg, men reinen sin hudbrems er i sjeldne tilfelle funne hos desse hjorteviltartane her i landet.

Smittestoff og smittevegar

Elgen sin svelgbrems (Cephenemyia ulrichii) blei første gongen registrert i Pasvik i 1987, og fram til 2014 har den ikkje vore påvist elles i landet. Den finst vanleg hos elg i Finland og er sporadisk blitt påvist i Sverige. Våren og sommaren 2014 påviste Veterinærinstituttet denne parasitten hos elg både i Trøndelag (Røros) og på Austlandet (Kongsvinger, Oslo). Funna tyder på at parasitten spreier seg hos elg her i landet.

Den vaksne svelgbremsfluga sprøyter levande, ca. 1 mm lange førstestadiumslarver (L1) inn i naseboret på elgen i løpet av ettersommaren. Larvene kryp bakover i nasehola mot svelget der dei festar seg i slimhinna.

I løpet av ettervinteren/våren utviklar larvane seg til store, vaksne, 3-4 cm lange tredje stadium larvar (L3) og om våren slepper larvane taket og kjem ut gjennom elgen sine nesebor (bilde 1).

Larvane grev seg ned i bakken, forpuppar seg, og ein ny generasjon svelgbremsefluger blir klekte om sommaren.

Livssyklusen til reinen sin hudbrems liknar på syklusen til svelgbremsen, men det flygande stadiet legg egg i pelsen og larveutviklinga til vaksne tredje stadium larvar (L3) skjer under huda (bilde 5).

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Svelgbremsen sin effekt på elgen er lite kartlagt, men hos reinen fører flygande svelgbrems til uro i flokken og fluktåtferd om sommaren. Vidare er nysing, hovudristing og stamping med beina beskrivne ved svelgbremsåtak hos rein. Truleg vil elgen også visa avvikande åtferd ved åtak av svelgbremsfluga.

Flygande hudbrems er også årsak til uro i reinsflokken om sommaren, og utviklinga til tredje stadium larvar fører til skader i huda. Det kan også oppstå betennelse i hudlommene rundt bremselarvane.

Brems hos menneske

Menneske, og særleg born, kan bli angripne av reinen sin hudbrems om sommaren, og i sjeldne tilfelle er det rapportert om hevelsar i andletsregionen, særleg i panna og ved auga når larven borar seg gjennom huda og gir ein betennelsesreaksjon.

Førekomst

Reinen sin svelgbrems og hudbrems er vanlege parasittar hos både tamrein og villrein her i landet. Elgen sin svelgbrems er nå påvist i Finnmark, Trøndelag og på Austlandet, og er truleg i ferd med å spreia seg.

Tiltak

Åtak av bremsar kan førebyggjast med antiparasittmidlar, men dette er ikkje aktuelt for viltlevande hjortedyr.

Les meir om brems hos vilt