Shigella

Shigella er ei gruppe bakteriar som kan vera årsak til sjukdom hos menneske.

Shigellose er eit stort helseproblem på verdsbasis, men relativt få tilfelle finst i Noreg.

Smittestoff og smittevegar

Shigellabakteriar er årsak til sjukdommen shigellose. Kor alvorleg sjukdommen, er heng saman med kva art Shigella som er årsak til sjukdommen. Det finst 4 artar: Shigella dysenteriae, Shigella boydii, Shigella flexneri og Shigella sonnei.

S. dysenteriae er årsak til klassisk dysenteri, mens dei andre artane gir mildare symptom. I Nord-Europa skuldast dei fleste registrerte utbrota S. sonnei og S. flexneri.

Kjelda til shigellabakteriar er avføring frå menneske, og bakteriane kjem inn i maten enten direkte via handtering eller indirekte via ureina vatn. Smitten kan også overførast frå avføring til mat via fluger og andre insekt, men også direkte frå person til person.

Bakteriane overlever til vanleg ikkje meir enn nokre dagar i mat, men i feittrike produkt og vatn er det påvist overleving i opptil 100 dagar. Bakteriane kan formeira seg ved temperaturar over 6 °C i enkelte matvarer.

Årsaka til utbrota her i landet har vore importerte produkt som blir etne utan varmebehandling.

I andre delar av verda er (drikke)vatn ei vanleg smittekjelde.

Sjukdomsteikn og diagnostikk

Shigellose viser seg ved blodig diaré, magekrampe og sterk uttørking. Få bakteriar er tilstrekkeleg til å gi sjukdom. Inkubasjonstida er 1-7 dagar, og i dei fleste tilfella mindre enn 4 dagar. Sjukdommen varer normalt ca. ei veke, men i kompliserte tilfelle kan tilstanden vara i 2-3 veker. Dødsfall på grunn av shigellose er svært sjeldan i Noreg. Les meir om shigellose hos Folkehelseinstituttet.

Diagnostik

Dersom ein har mistanke om at næringsmidlar er ureina med shigellabakteriar, kan desse undersøkast med PCR-teknikk.

Det er utfordrande å isolera Shigella frå mat fordi talet på bakteriar ofte er svært lågt, med overvekst av andre bakteriar. Det er difor sjeldan at ein greier å isolera desse bakteriane frå mat. Det er kjent at Shigella ofte finst saman med indikatorbakteriar for ureining med avføring, og ein kan difor bruka analyser for slike bakteriar til å finna aktuell kjelde for shigellaureina matvarer.

Veterinærinstituttet er nasjonalt referanselaboratorium for påvising av Shigella i mat i Noreg.

Førekomst

I Noreg blir det rapportert omlag 150 tilfelle av shigellose kvart år, og berre 10-20 prosent av desse er smitta i Noreg. I 2009 og 2011 var det to store utbrot av sjukdommen, knytte til importerte grønsaker.

På verdsbasis er shigellose eit stort helseproblem, med om lag 160 millionar tilfelle årleg. Ein stor del av desse var born under 10 år. Shigellose er størst problem i varme land med dårleg eller lite drikkevatn, dårlege sanitærtilhøve og der folk bur tett. I område med stor førekomst av shigellose er også førekomsten av antibiotikaresistente shigellabakteriar ofte stor.

Tiltak

Bakteriane blir drepne ved oppvarming, som koking og steiking. Andre viktige tiltak er:

  • God hand- og toaletthygiene som hindrar spreiing av Shigella frå person til person
  • Smitta personar bør ikkje arbeida med matproduksjon før bakteriane er ute av kroppen
  • Frukt og grønsaker som skal etast rå bør vaskast med reint vatn for å redusera talet på shigellabakteriar som kan finnast på overflata.
  • Bakteriar kan også fjernast frå overflata av frukt og grønsaker ved skrelling
  • Etter oppkutting bør mat lagrast kjølig for å hindra vekst av bakteriar som kan ha blitt tilført snittflatene frå overflata

Desse tiltaka er spesielt viktige for matvarer som kjem frå område med stor førekomst av shigellose.

Forskningsprosjekter